Det er no endeleg avgjort kva utdanningsprogram, og kor mange grupper, som startar opp på dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane til hausten. 4899 har søkt om skuleplass i vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane i år.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Stryn vidaregåande skule får ei ekstra gruppe innan studiespesialiserande retning VG1. Men skulen misser ein klasse på VG1 innan bygg- og anleggsteknikk, skriv fylkeskommunen i ei pressemelding.
Høgre og Venstre fremja også eit framlegg om å opprette ei ekstra gruppe vg1 medium og kommunikasjon ved Sogndal vidaregåande skule. Dette vart stemt ned med seks mot tre røyster.
– Synd for alle søkjarane, seier Marta Sofie Vange, rektor ved Sogndal vidaregåande skule til Sogn Avis.
Utanom endringane ved Stryn vidaregåande skule, følgde hovudutvalet tilrådinga frå fylkesdirektøren og vedtok slike justeringar av det opphavlege tilbodet:
- Dale vidaregåande skule – Vg 2 Byggteknikk vert ikkje sett i gang
- Hafstad vidaregåande skule – Vg 1 Studiespesialisering blir auka med ei gruppe
- Flora vidaregåande skule – Vg 2 Sal, service og tryggleik vert ikkje sett i gang
- Måløy vidaregåande skule -Vg 1 Teknikk og industriell produksjon vert auka med ei gruppe, vg 2 Maritime fag vert auke med ei gruppe – vg 1 TAF- Helse- og sosialfag vert ikkje sett i gang
- Firda vidaregåande skule – Vg 2 Helsearbeidarfag vert ikkje sett i gang
- Eid vidaregåande skule – Vg 2 Industriteknologi vert auka med ei halv gruppe, vg 2 Industriell møbelproduksjon vert auka med ei halv gruppe
- Stryn vidaregåande skule – Vg 2 Arbeidsmaskiner vert ikkje sett i gang