5454 personar har søkt om plass enten på skule eller i ei verksemd for neste skuleår – 4899 i og 555 i bedrift. Det viser ei oversikt over førsteønska til søkjarane.
Tømrarfaget, salsfaget og matrosfaget er blant faga som har fått fleire søkjarar. Søkjartala til kokkefag og yrkessjåførfaget har gått ned.
Sogn og Fjordane har 4558 elevplassar i vidaregåande skule og 579 læreplassar i bedrift for skuleåret 2012/13. Søkjartalet har auka med 42 til skule og med 139 til bedrift.
Nær 90 fleire har søkt studiespesialisering vidaregåande trinn 1 (Vg1) i år enn i fjor. Søkjartalet til vg1 teknikk og industriell produksjon har også auka noko. Samla er det om lag 60 færre søkjarar til vidaregåande trinn 2 (Vg2) i 2012 enn i 2011.
På vidaregåande trinn 3 (Vg3) er det 50 færre søkjarar til påbygging til generell studiekompetanse enn i 2011. Av dei 4899 søkjarane til skule er 4389 søkjarar med ungdomsrett.
Til opplæring i bedrift er det totalt søking til 59 ulike lærefag. Talet på søkjarar som har opplæring i bedrift som førsteval er 139 fleire i år enn i fjor. 470 av dei 555 søkjarane til opplæring i bedrift har ungdomsrett.