Hopp til innhold

Bønder i verneområdet får erstatning for tapte skogsinntekter

– Men det blir ikkje sydentur, for å seie det slik, seier Svein Tufte som er bonde i Nærøyfjorden.

Nærøyfjorden

MOT BAKKA: Bøndene i verneområdet må følge litt andre reglar enn dei utanfor. Men dei får også tilskott fordi dei er med å skjøttar kulturlandskapet i området som står på Verdsarvlista, fortel Svein Tufte som er geitebonde på Bakka i Nærøyfjorden.

Foto: Arne Nævra

I 2002 vart det vedteke at Nærøyfjorden skulle bli eit landskapsvernområde for å ta vare på natur- og kulturlandskap i området.

No har bønder her fått erstatningar opp til ein million kroner for det dei har tapt i moglege inntekter av skogbruk i området, fjorten år etter landskapsvernet vart oppretta.

– Det er ein stor eingongssum. Men det er ikkje så mykje når ein ser nokre generasjonar fram i tid. Dei som skal drive i framtida blir også belasta med vernevedtaket, fortel Olav Stalheim som er bonde på Bakka i Nærøyfjorden.

Det var Bergens Tidende som først omtala saka.

Langsiktig perspektiv

Då naturmangfaldloven vart oppdatert i 2009 blei grunneigarane sine rettar styrka, og det vart betre sjanse for å få tilbake pengar om du driv gard i eit verneområde.

Verneforskriftene handlar om at du ikkje kan endre landskapet sin karakter eller art, til dømes kan du ikkje hogge ned lauvskog og plante gran eller furu i staden for.

– Vi kunne jo tenke oss å planta litt skog ein gong. Om vi hadde planta i dag, hadde den vore hogstmogen om 50–60 år. Skogen er i alle fall langsiktig, seier Svein Tufte som også driv geitegard på Bakka.

Han meiner også at det er vanskeleg å seie om eit eingongsbeløp kan kompensere for mogleg tapte inntekter for dei som skal drive i framtida.

– Per i dag er det ein god kompensasjon. Men på lang sikt er den kanskje ikkje like god.

Pengane dei har fått går rett tilbake i gardsdrifta, fortel Svein Tufte.

– Det blir ikkje nokon sydentur, for å seie det sånn, ler han.

Meiner bøndene er viktige i landskapsvernet

– Det har stor betydning å ha bønder i området, og at det framleis er landbruksdrift. Om det ikkje er beitedyr så gror det jo igjen. Det forandrar landskapet, seier Anbjørg Nornes. som er forvaltar av Nærøyfjorden verneområde.

Ho trur det kan opplevast litt vanskelegare å vere bonde i slike område sidan ein i større grad enn andre må søke på tiltak dei vil gjere.

– Det er nok det folk tykkjer er vanskelegast, at det ikkje har same råderett over eigedom som andre plassar, seier Nornes.

Innmark kjem ikkje inn under verneområdet.

– Dei sterkaste restriksjonane her er nok på skogbruk, at ein ikkje kan drive flatehogst av større område til dømes, seier ho.