Når politiet rykkjer ut til eit brotsverk er det svært sannsynleg at det er ein person som tidlegare har gjort lovbrot som står bak.
Men under utarbeidinga av lovteksten er det faktisk ikkje tatt høgde for at kriminelle kan gjera nye brotsverk før dei har byrja å sona samfunnsstraffa si.
Mildare reaksjon
Og det heile skuldast rett og slett ein skrivefeil.
- Ja, og for oss har han i tillegg medført meir arbeid. Me har måtta køyra slike saker i fleire omgongar istadenfor å kunna ha ei straffesak. Prinsipielt er det óg uheldig at dei mest aktive skal få ein mildare reaksjon enn dei som faktisk prøver, meiner politiadvokat Trond Høvik ved Hordaland Politidistrikt.
Uheldig formulering
Det var etter ein dom i Høgsterett i fjor haust at feilen frå 2001 vart oppdaga.
Lovrådgjevar i Justisdepartementet, Tor Geir Myrer, seier at det er vanskeleg å forsikra seg mot dette.
- Når ein gav lovteksten så såg ein ikkje konsekvensane av den formuleringa som var brukt, forklarer han.
Stolar på kjeltringane
20. mai vart lovteksten endra slik at gjengangarane no vil få omgjort samfunnsstraffa si til fengsel dersom dei gjer nye lovbrot før dei startar på soninga.
Men førebels er ikkje lova satt i verk. I mellomtida set Justisdepartementet si lit til at kjeltringane oppfører seg.
- Ja, me får jo håpa at det ikkje er altfor mange som gjer kriminelle ting kort tid etter at dei har fått ein dom, seier Tor Geir Myrer.