Hopp til innhold

Skjerpar rutinane etter dødsulukke

Busselskap rettar sterkare fokus på bruk av setebelte etter dødsulukka på Strynefjellet tysdag.

Video nsps_upload_2009_9_30_18_10_41_2880.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

- Det fortjenar eit betre fokus. Det er klart at ein kan bli betre på informasjon kring beltebruken, seier sjåfør Erling Briksdal i Fjord 1 Nordfjord-Ottadalen AS.

Stikkprøvar

Dødsulukka tysdag, der ein 21 år gamal nigeriansk asylsøkjar omkom , har vore ein kraftig vekkjar for næringa. At altfor mange trassar påbodet om å bruke setebelte i buss, vil selskapet no gjere noko med. Briksdal vil langt oftare enn tidlegare oppmode passasjerane sine om å nytte setebeltet i bussen.

- Det er mogleg at eg tek stikkprøver bakover for å sjekke at dei verkeleg har gjort det, seier Briksdal.

(ARTIKKELEN HELD FRAM UNDER TV-INNSLAGET)

Bussdekk Firda Billag
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Skilnad på liv og død

Sjåføren vonar at passasjerane skjønar kor viktig det er å bruke setebelte.

- I enkelte situasjonar har det alt å seie. Du er mykje tryggare med belte på. I verste fall kan det vere skilnaden mellom liv og død, seier han. Marknadssjefen i busselskapet, Svein-Arne Vik, seier Fjord 1 Nordfjord-Ottadalen AS vil rette sterkare fokus på bruk av setebelte i deira bussavgangar.

(ARTIKKELEN HELD FRAM UNDER TV-INNSLAGET)

Video nsps_upload_2009_9_29_13_53_46_2758.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Brukte ikkje belte

Ein av passasjerane ombord i ulukkesbussen tysdag fortalde at han fall gjennom eit knust vindauge fordi han ikkje sat fastspent. Ifølgje Trygg Trafikk er han langt ifrå den einaste busspassasjeren som ikkje brukar setebelte. Dette vil Vik gjere noko med.

- Vi vil fokusere på informasjon frå sjåføren si side, merke bussane betre med informasjon om beltebruk og gje instruksar til sjåførane våre, seier han.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.