Hopp til innhold

- Haldningskampanje for setebelte

Det må kome ein haldningskampanje for å få folk til å bruke setebelte i buss, meiner både Norges Automobil Forbund (NAF) og Yrkestrafikkforbundet.

Bussulykka i Skjåk
Foto: Terje Aksel Sanner

Nestleiar Otto Berg i Yrkestrafikkforbundet etterlyser tiltak for beltebruk i buss.

– Eg trur vi må til med ein omfattande haldningskampanje for å få folk til å bruke belta.

Fall ut knust vindauge

Tysdag morgon velta ein ekspressbuss på Strynefjellet. Ein person omkom , og fem vart alvorleg skadde. Ein passasjer fortel at han fall ut av eit knust vindauge fordi han ikke var fastspent.

Langt farlegare utan belte

Ifølgje Trygg Trafikk er han langt frå den einaste som ikkje har brukt eller brukar belte i buss. For folk generelt er ikkje flinke til å bruke setebelte i buss, seier organisasjonen. Det same meiner Otto Berg, som slår fast at det er langt farlegere utan beltebruk.

– Det handlar om tryggleiken til passasjerane. Dei ulukkene som har vore, både med buss og andre tyngre bilar, viser at risikoen for å bli skadd er større dersom du ikkje brukar belte.

– Haldningane må endrast

Setebelte er i dag påbode i buss. Men likevel er beltebruken langt lågare enn i både fly og bil. Også kommunikasjonsrådgjevar Nils Sødal i NAF trur det er haldningane som må endrast.

– For bil har det vore eit godt haldningsskapande arbeid gjennom mange år, og det har gjort at folk forstår kor viktig det er. Ein haldningskampanje for buss hadde kanskje vore ein veg å gå.

– Bør minne ofte om beltebruk

Sødal trur og sjåførane kan bli endå flinkere til å gi beskjed om beltebruken.

– Strengt tatt burde dei minne om beltebruken på kvar haldeplass der det går av og på folk.

– Fleire skilt

Yrkestrafikkforbundet etterlyser fleire skilt med informasjon om at du kan bli bøtelagd dersom beltet ikkje blir brukt.

– Vi kunne ha tenkt oss skilt ved inngangen og ved bakdøra, og at det var ei påminning i seteryggen framfor passasjerane, slik at det er meir rett i augene på folk.