Hopp til innhold

Skjeldestad ferdig som toppkeeper

Sogndal-keeper Terje Skjeldestad legg opp som fotballspelar på toppnivå.

Skjeldestad keepertrenar

KEEPERTRENAR: Terje Skjeldestad spelte sin siste kamp på toppnivå i 2007. No satsar han i staden som keepertrenar. Her er sogningen i si nye rolle framfor kampen mot Sarpsborg på Fosshaugane.

Foto: Rune Fossum / NRK

Terje Skjeldestad debuterte i 1995, men komplikasjonar etter ein kneoperasjon har gjeve 32-åringen så store plager at ei vidare satsing som toppkeeper er umogleg.

- Det er sjølvsagt kjedeleg at dette skulle skje. Eg hadde sett føre meg å spele nokre år til, men når dette først har skjedd så har klubben vore villig til å gje meg ny jobb som keepertrenar, seier Skjeldestad.

Effektiv stoggar

Keeperkjempa fekk med seg 294 kampar for Sogndal, og tre med flagget på brystet før skadeproblema vart for store. Siste kamp han spelte på toppnivå var i 2007.

Komplikasjonar etter ein kneoperasjon våren 2008 har sett ein effektiv stoggar for ei vidare satsing på toppnivå.

- Eg fekk infeksjon, vart lagt inn på sjukehus og operert to nye gonger, fekk blodpropp og i ettertid har eg fått desse nervegreiene som seinskade, fortel han.

Terje Skjeldestad og Henrik Furebotn

Terje Skjeldestad i aksjon i sin siste sesong på toppnivå.

Foto: Oddleif Løset / NRK

- Kan vere med

Skjeldestad er framleis registrert som spelar - tredjekeeper bak Piotr Leciejewski og Joseph Bendik. Men med ein så godt som kjenslelaus fotsåle på høgrefoten, vil han berre vere ei kriseløysing.

- Dersom dei treng meg på trening, så kan eg vere med, men eg vil konsentrere meg meir om å trene keeperane, seier han.

- Korleis hadde kroppen din takla å trene kvar dag og spele kamp i helgane?

- Nei, slik det er med foten min, så hadde det rett og slett ikkje fungert.