Hopp til innhold

Skipsverft spyler måling og avfall rett i sjøen

Fleire av dei ni skipsverfta Fylkesmannen har hatt tilsyn hos har ikkje kontroll på kva dei slepp ut. – Dei må skjerpe seg, seier Havforskningsinstituttet.

Bergen Group avd. Skjøndal

FÅR KRITIKK: Bergen Group avdeling Skjøndal (bildet) er ein av dei ni kontrollerte verfta som får kritikk frå Fylkesmannen.

Foto: Bergen Group

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima
Sissel Storebø

ALVORLEG: Sissel Storebø ved Fylkesmannen i Hordaland seg alvorleg på at alle dei ni kontrollerte skipsverfta i fylket har avvik.

Foto: Fylkesmannen i Hordaland

– Skipsverfta slepp ut spylevatnet utan å ha kontroll på kva det inneheld, og dette kan innehalde miljøgifter, seier Sissel Storebø, senioringeniør ved miljøvern- og klimaavdelinga hjå Fylkesmannen.

I haust hadde Fylkesmannen tilsyn hjå ni skipsverft i Hordaland, kontrollar som er ein del av ein større landsdekkjande aksjon der dei fleste skipsverft i Noreg blei kontrollerte.

Samanlikna med tilsvarande kontrollar i 2007 seier Storebø det ikkje har vore store betringar sidan den gong. Åtte av dei ni skipsverfta som vart kontrollert i haust manglar dokumentasjon på kva spylevatnet som hamnar i sjøen inneheld.

– Verfta bør og må ta dette alvorleg slik at dei får meir kontroll på desse tinga. Dei kjenner nok til kva hovudtypar stoff dei slepp ut, men dei har truleg dårleg kontroll på kor store mengder det er snakk om, seier forskingsleiar på Havforskningsinstituttet, Jarle Klungsøyr.

– Ikkje godt nok

Skjøndal

SKJØNDAL SLIPP: Bergen Group avdeling Skjøndal vart kontrollert og fekk kritikk for internkontroll for ytre miljø, utslepp av miljøskadelege stoff, utsleppskontroll, og lagring av farleg avfall utandørs.

Foto: Fylkesmannen i Hordaland

Det farlege avfallet frå skipsverfta skal samlast opp slik at det ikkje hamnar i sjøen og tek knekken på plantar og dyr, men fem av dei ni skipsverfta i fylket gjer ikkje dette.

– Nokre av skipsverfta spyler restar av måling og avverka materiale direkte i sjøen, eller eventuelt kostar dei det rett i sjøen, og samlar det ikkje opp. Det er ikkje godt nok, for ei kva som helst bedrift skal kjenne til kva ein slepp ut, seier Storebø.

– Nokre verft leverer også farleg avfall som restavfall, eller manglar dokumentasjon på innlevering av avfall, og nokre hadde uforsvarleg lagring av farleg avfall, seier ho.

– Kan påverke organismar

Jarle Klungsøyr

NEGATIVT: Jarle Klungsøyr i Havforskningsinstituttet seier utslepp frå skipsverft kan gi negative verknader for organismar i miljøet rundt verfta.

Foto: Havforskningsinstituttet

Jarle Klungsøyr er forskingsgruppeleiar på Havforskningsinstituttet. Han seier målingsrestar og metallrestar kan forureine miljø rett utanfor skipsverfta.

– Viss det er veldig høge verdiar kan dette gi negative retningar for dei marine organismane som er i dei områda kvar det er høgt nivå, seier han.

– Dette kan påverke organismar frå plankton og til og med fisk. Det kan gi biologiske effektar, og det kan også påverka slik at det blir for høgt nivå av miljøgifter hjå skaldyr og fisk som går til konsum, seier han.

Kort frist

Bergen Group Services er eit av dei kontrollerte skipsverfta, og administrerande direktør Frode Johansson lovar at dei skal skjerpe seg.

– Me er ikkje gode nok på dette, og når me tar av skjel og groe på båtar er det sjølvsagt fare for at noko av dette hamnar i sjøen, seier Johansson.

Fylkesmannen ser svært alvorleg på at alle skipsverft ikkje måler kva miljøgifter dei slepp ut. Dersom verfta vil unngå å punge ut, så må dei rydde opp innan 2. februar.

– Me har eit sterkt fokus på dette no, og me ser eigentleg positivt på dei tilsyna som har vore. Dette gjer at me blir pressa til å skjerpe oss, seier Frode Johansson.

– Me er i gang med å gjere tiltak, og eg er heilt overbevist om at me vil klare å imøtekomme alle krava til Fylkesmannen innan fristen. Me har alt gjort veldig mykje, seier Johansson.