Hopp til innhold

Skipperen på Gaza-skip tilbake i Noreg: – Israel bryt alle reglar

GARDERMOEN (NRK): Herman Reksten var skipper på det norskregistrerte skipet som blei borda i Middelhavet. Onsdag kveld landa han på Gardermoen. – Eg er uroleg for dei som fortsatt sit fengsla.

Herman Reksten

ARRESTERT: Herman Reksten kom seint onsdag kveld tilbake til Noreg etter å ha vore arrestert i Israel.

Foto: Terje Haugnes, NRK

Fem nordmenn, og ein dansk statsborgar busett i Bergen, har i tre dagar sete i arrest i den israelske byen Ramla. Til saman 22 personar var om bord då den norskregistrerte båten med kurs for Gaza blei stansa og borda av israelske marinesoldatar sundag.

Reksten blei møtt med palestinske flagg og blomar då han kom ut i ankomsthallen på Oslo lufthavn like før midnatt onsdag. Der venta familie og støttespelarar.

– Det er godt å vere tilbake i Noreg, men eg tenker på dei av mannskapet som fortsatt sit i israelsk fengsel. Eg er uroleg for deira helsetilstand og deira rettstryggleik, seier han til NRK.

Han fortel at dei israelske marinesoldatane som borda skipet, brukte elektrosjokkvåpen mot dei, og reiv ned og trampa på det norske flagget, før dei slepte skipet til Israel.

– Eg har fortsatt vondt i hovudet etter at eg blei banka opp i fengselet, seier Reksten.

Israel: – Ikkje vald, men makt

Israel satte dei fem nordmennene fri onsdag kveld.

– Det er ingen grunn til å halda på dei fem nordmennene, sa ambassaderåd Dan Poraz ved den israelske ambassaden i Noreg til NRK onsdag.

Ifølgje Israel skal kaptein Herman Reksten ha nekta å etterkomma ordre frå den israelske marinen då skipet hans vart stansa.

Dette avviser Reksten:

– Vi blei borda i internasjonalt farvatn, og var nærare Egypt enn Israel, seier han til NRK.

Reksten er spent på korleis norske styresmakter vil handtere hendinga. Han hevdar Israel har brote alle internasjonale reglar.

– Det er hårreisande at dei bordar eit norsk skip i internasjonalt farvatn og tving det til kai i Israel. Eg er spent på kva UD no gjer, seier han.

Israels ambassadør Raphael Schutz

MAKT: – Marinen brukte makt fordi aktivistane gjorde motstand, seier Israels ambassadør til Noreg, Raphael Schutz.

Foto: NRK

Israels ambassadør til Noreg, Raphael Schutz, stadfestar at det blei brukt elektropistol.

– Marinen brukte ikkje vald, dei brukte makt. Dei brukte eit minimum av det dei måtte bruke, på grunn av motstanden frå aktivistane, seier Schutz.

Formålet med Gaza-aksjonen, i tillegg til å frakta medisinar og utstyr inn i den krigsherja enklaven, er å visa tilhøva folket i det blokkerte Gaza lever under.

– Målet vårt er å få sett fokus på den ulovlege blokaden av Gaza, og få opp auga til folk og styresmakter, seier Torstein Dahle i Ship to Gaza Norway.

– Dei visste dei ville bli stansa

Den israelske ambassaden har omtala båten og aktivistane sine handlingar som ein «politisk provokasjon». Israel hevdar at blokaden er lovleg, og internasjonalt anerkjend.

– Dei visste heile vegen at dei ville bli stansa. Spørsmålet dei må stilla seg, er om dei hjelpte befolkninga i Gaza med denne aksjonen. Eg meiner svaret er «nei», seier ambassaderåd Dan Poraz ved den israelske ambassaden.

Blokaden, som aksjonistane forsøker å bryta, er omstridd, og har fleire gongar blitt kritisert av FN. Etter at ni aktivistar blei drepne i 2010, slo ein FN-rapport fast at sjøblokaden var lovleg, men at israelske styresmakter si handtering var «overdriven og urimeleg».

Torstein Dahle

ETTERLYSER SVAR: Torstein Dahle i Ship to Gaza Norway meiner utanriksministeren må krevje svar frå Israel.

Foto: Ship to Gaza Norway

Kritisk til handtering

Torstein Dahle er sterkt kritisk til norske styresmakter sin innsats dei siste dagane. Han meiner utanriksministeren burde ha kravd svar på kvifor eit norskregistrert skip blei stansa i internasjonalt farvatn.

Kommunikasjonsrådgjevar i Utanriksdepartementet, Frode Overland Andersen, har opplyst til NRK at dei enno ikkje har fått svar frå Israel om bakgrunnen for bordinga.

Bente Christensen er mor til skipper Herman Reksten. Han har vore kaptein på fleire båtreiser der målet har vore å bryte den israelske blokaden av Gaza.

– Sidan eg har vore borti dette tidlegare, var eg ikkje redd denne gongen, berre bekymra.

Christensen er ikkje spesielt begeistra for det sonen driv med, men skjøner engasjementet hans.

– Han er sjømann og solidariserer seg med fiskarane på Gaza. Det at dei vert hindra i arbeidet sitt, er noko som opptek han. Men det er jo bra at han no er trygg, seier Christensen.

Bente Christensen

GLAD FOR AT SONEN ER TILBAKE: Bente Christensen er mor til kaptein Herman Reksten.

Foto: Terje Haugnes / NRK