Vitne til kidnapping: – Var som ei filmscene frå ein mafiafilm

Grov vald, kidnapping, hevnfrykt og narkotika. Denne veka har tingretten i Førde høyrt forteljingar frå eit bygdemiljø dei neppe kjenner att.

Gamle dokken på verftsområdet på Øyrane i Førde.

ÅSTADEN: I november i fjor blei ein mann tatt med ut til verftsområdet på Øyrane utanfor Førde sentrum. Her blei han utsett for grov vald frå ein eller fleire personar.

Foto: NRK

To menn i tjueåra står tiltalt i det som blir skildra som ein av dei grovaste valdssakene i Sogn og Fjordane på lang tid.

Den eine av dei to, ein 25 år gamal mann, blir rekna som hovudmannen.

I november i fjor blei ein annan mann tatt med i ein bil midt i Førde sentrum og tatt med ut til det gamle verftsområdet på Øyrane.

I løpet av turen blei mannen prylt opp så kraftig at han enda på sjukehus.

Tungt rusmiljø

– Det var som å vere i ei filmscene frå ein mafiafilm, sa eitt av vitna i retten.

Han skildra korleis den andre tiltalte slo, sparka og truga mannen dei hadde tatt med seg i bilen.

– Han fekk så j ... med juling, sa vitnet.

Han fortel også om frykta dei involverte har for den hovudtiltalte.

I retten har det blitt skildra eit bygdemiljø i Sunnfjord som er fjernt for dei aller fleste.

Ungdomar som rusar seg på tunge narkotiske stoff, og som løyser kranglar med grov vald. Festar som aldri tek slutt – og truslar.

– Blod ut frå munnen

– Dei sa til meg at eg aldri måtte seie noko til politiet, fortalde ei tenåringsjente som vitna i saka.

I november blei ho vitne til at dei tiltalte tok med seg mannen dei skal ha kidnappa. Då dei kom tilbake med han frå verftet, snakka ho med han.

– Det kom blod ut frå munnen hans, fortalde jenta.

Den hovudtiltalte 25-åringen i saka har vore fengsla sidan før jul i fjor.

I retten står han fram som sterk og klar, og han avviser i stor grad skuldingane som er sett fram.

Snarare framstiller han seg sjølv som ein som forsøkte å hindre andre i gjengen frå å gje narkotika til mindreårige.

Kritiserte lokal celle

Hovudtiltalte følgjer forhandlingane i retten frå Bergen fengsel og Bergen politistasjon, etter at han nekta å overnatte i politiet sin arrest i Førde.

– Det manglar luft og lys og det er om mogleg den verste cella eg har sett, sa mannen sin forsvarar, Frode Sulland.

– Det er ei celle tiltalte er kjend med frå før, nemnde aktor i saka, Kristine Bu.