Hopp til innhold

Politiet: Her blei kidnappa mann truga på livet

Ein mann i tjueåra er tiltalt for å ha kidnappa og brukt grov vald mot ein annan mann i Førde i oktober i fjor.

Ankerløkken i Førde, Øyrane

GAMALT VERFT: Her på det gamle verftsområdet rett utanfor Førde sentrum, skal mannen ha blitt drapstruga.

Foto: NRK

Natt til laurdag 26. oktober i fjor skal sunnfjordingen ha tvinga mannen inn i ein bil midt i Førde sentrum og køyrd han ut til det nedlagde verftsområdet på Øyrane ved Førdefjorden.

Det påståtte offeret er i slutten av tjueåra.

Ifølgje tiltalen skal sunnfjordingen då ha sagt noko slikt som: «Ser du sjøen her? Her kan eg få deg vekk utan at nokon veit det.»

– Han truga vidare familien hans og sa han kom til å knuse kneskålene hans og drepe han, skriv statsadvokat Benedikte Høgseth i tiltaleavgjerda.

– Store smerter

Offeret for kidnappinga skal så ha blitt slått i ansiktet og hovudet, sparka, dytta og dratt i håret.

– Han blei lagt inn på sjukehus med store smerter, skriv statsadvokaten.

Den tiltalte sunnfjordingen blei pågripen av politiet i november i fjor og har sidan vore varetektsfengsla.

Mannen må etter planen møte i Sogn og Fjordane tingrett no i mai, men på grunn av koronasituasjonen kan saka bli utsett.

Vitne frykta hemn

Grunnlaget for at sunnfjordingen har vore fengsla så lenge, er blant anna at politiet meinte at han kunne påverke og hemne seg på vitnet.

– Både vitnet og fornærma har for politiet uttrykt stor frykt for kva som kan skje med dei og familiane deira når dei forklarar seg til politiet i saka, skreiv Sogn og Fjordane tingrett i november.

Politiadvokat Kristine Bu, som skal føre saka for retten, ønskjer førebels ikkje å kommentere tiltalen.

Sunnfjordingen sin forsvarar, Aurora Lindeland Geelmuyden, har førebels ikkje vore tilgjengeleg for kommentar.