Skeptisk til miljøgebyr

Ordførar Noralv Distad i Aurland vil ikkje ha miljøgebyr på turistar i Noreg. Reiselivsekspert Arild Molstad tok i går til orde for å innføre eit slikt gebyr for å dempe tilstrøyminga av turistar til dei mest besøkte stadene. Distad ønskjer ikkje ei slik ordning. I staden har kommunen hans sett i gang eit arbeid med å greie ut ein frivillig turistskatt der inntektene går til å utbetre fellesgode som toalett, stiar og liknande infrastrukturtiltak.

Noralv Distad, ordførar i Aurland
Foto: Noralv Pedersen / NRK