Hopp til innhold

Skal vurdere 20-minuttsavgangar

Statens vegvesen skal no sjå nærare på kravet om 20-minuttsavgangar på ferjesambandet Anda-Lote.

Anda-Lote

ANDA-LOTE: Her kan det bli 20-minuttsavgangar. Vegvesenet skal komme med ei fagleg tilråding i løpet av august.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Det er ordførarane i Eid og Gloppen er svært nøgde med.

Etter at Nordfjordrådet kravde at ferja skal gå oftare, har Vegvesenet no bestemt seg for å gjere ei vurdering av saka, skriv Firda Tidend.

– Stort behov

Ferjesambandet har vore i kontinuerleg vekst sidan det opna, og ordførarane i regionen meiner det er på høg tid at ferja får 20 minutts avgang.

Ordførar i Gloppen, Anders Ryssdal seier det er svært viktig at ferja går oftare.

– Det har jo vore arbeidd for å få 20-minuttsavgangar langs E39, så sånn sett så er det ikkje heilt uventa at Vegvesenet ser på det. Det er også slik at ventetida på ferja, i forhold til at Kvivsvegen vert opna, vil gi eit stort behov for tjuemintts-avgangar, seier han.

Betyr mykje

– Vi satsar på at det no kjem på plass 20-minuttsavgangar på Anda-Lote, og det betyr mykje både for trafikken nord-sør på Vestlandet, og for regionalutviklinga, seier Ryssdal.

Vegvesenet opplyser til Firda Tidend at dei vil kome med ei fagleg tilråding i løpet av august.