I dag la Statens vegvesen fram sitt forslag for kor E39 skal kryssa Nordfjorden.
- LES OGSÅ:
Sørgjekake
– Eg hadde tenkt ei kakefeiring, men no vert det heller sørgekake. Eller eg vil heller kalla det ei «meir innsatskake», for me må kjempa vidare for Anda–Lote, seier Ranveig Årskog.
Årskog bur på Lote, og pendlar dagleg strekninga Anda–Lote.
- LES OGSÅ:
– Det var ikkje so veldig overraskande. Vegvesenet brukar linjalprinsippet når dei skal leggja slike planar. Det viktige er at politikarane som skal bestemma dette har andre tankar.
(Artikkelen held fram under biletet)
Håpar på politikarane
Kvivsvegen med tunnel og bru i Stryn er det billigaste alternativet meiner Statens vegvesen. Utrekningane deira syner at dette alternativet vil koste 4,5 milliardar kroner, som er to milliardar billigare enn ei bru mellom Anda–Lote.
– Vegen bør ligge der politikarane har sagt den skal ligge. Dei har garantert at E39 skal gå via Anda–Lote, og då må dei jobbe for det, seier Årskog.
Det faglege rådet frå vegvesenet skal ut på høyring og høyringsfristen er sett til 1. februar 2012.