Hopp til innhold

Sterk trafikkauke på Anda - Lote

Trafikken på ferjesambandet Anda- Lote har auka med heile 16,4 prosent så langt i år.

Bilferja "Selje".
Foto: Steinar Lote / NRK

I februar vart det frakta over 63 000 bilar over fjorden, skriv Firda Tidend. Det er omalg 10 000 fleire bilar enn same månad i fjor. Auken i passasjertalet var på 11 prosent.

Dermed er Anda- Lote i ferd med å gå forbi Lavik- Oppedal som det største E39-sambandet i fylket. Det skjer sjølv om også dette sambandet veks godt. Trafikken på Lavik–Oppedal har vokse med 8,96 prosent så langt i år.

Omgjort i personbileiningar var det 129 263 bilar på Lavik–Oppedal dei to første månadene i år. På Anda–Lote er talet 127 695.