Hopp til innhold

Skal kartlegge konsekvensar av kraftverks-feil i Lærdalselvi

Ei uavhengig forskargruppe skal kartlegge konsekvensane av at vasstilførselen i Lærdalselvi blei strupa onsdag førre veke.

Det kom fram etter eit møte mellom Lærdal Elveeigarlag og Østfold Energi i går kveld.

Strupinga skuldast menneskeleg svikt og rutinesvikt ved oppstart av eit aggregat som skulle sikre vasstilførsel til vassdraget. I etterkant vart det observert daud lakseyngel fleire stadar i den kjende lakseelva.

Magne Netland i Østfold Energi fortel at dei har gjort endringar i rutinane i forbinding med igangkøyring av aggregat.

Kartlegginga set i gang neste år, og skal mellom anna sjå på rognoverleving.

– Me skal ikkje undergrava at det var ei svært alvorleg hending, og at det garantert har konsekvensar. Men omfanget veit me ikkje endå, seier Netland, som er kraftverkssjef ved Borgund kraftverk i Lærdalselvi.

Lærdal Elveeigarlag seier dei så langt har sagt seg nøgd med utfallet av møtet. Hendinga er førebels ikkje politimeld.