Hopp til innhold

Skal hjelpe unge gründarar

No skal unge gründarar få rask hjelp til å kome i gang gjennom eit nytt prosjekt i Stryn.

Simen Staalnacke (t.h.) og Peder Børresen i Moods of Norway
Foto: Rolf Jarle Ødegaard, VG / Scanpix

I dag opna næringsminister Odd Eriksen nyskapinga i Stryn Næringshage. Når skuleferien er over skal Farm-house stå klar for å hjelpe fram unge gründarar som har kreative, gode idear.

- Vi ser at det går litt for lang tid før folk får produsert eit produkt viss det er nokon som har ein god ide, Simen Staalnacke i Moods of Norway.

Kuttar papirarbeidet

Farm-house er eit samarbeid mellom kleprodusenten Moods of Norway, Stryn næringshage og selskapet Fjord inkubator.

Grunnen til at Farm-house skal vere raskast i klassen er at dei kuttar mykje byråkrati.

- Vi kuttar ut papirarbeidet og leitinga etter produksjonsplassar og distribusjonsplassar.

Og Staalnacke har store vyer framover.

 - Vi jobbar og for å få med oss internasjonale samarbeidspartnarar.