Hopp til innhold

Skal ha brote vedtekter – ute av INP

Bente Spissøy frå Bømlo, som både vart valt inn i kommunestyret på Bømlo og på fylkestinget i Vestland etter brakvalet til partiet i fjor haust, har mista medlemskapen sin. Årsaka er brot på partiet sine vedtekter.

– Vedtaket vart fatta av eit samrøystes fylkesstyre i Vestland INP 26. januar, seier nyvald fylkesleiar i Vestland INP, Thomas Hellevang til NRK.

Han ynskjer ikkje å kommentera kva vedtekter Spissøy har brote. Men etter det NRK kjenner til skal det vera knytt til uroa som har vore i INP dei siste månadene.

Det har nemleg storma rundt partiet INP etter at grunnleggjar og tidlegare partileiar Ove Ingemann Walthersøe trekte seg tidlegare i år. Joar Nesse, som også er frå Bømlo, er no fungerande leiar i partiet.

Det var Bømlo-nytt som først skreiv om eksklusjonen. Spissøy er no uavhengig representant. NRK har ikkje lukkast med å få ein kommentar frå verken Spissøy eller Joar Nesse.

Valvake INP
Foto: Eli Bjelland / NRK