Hopp til innhold

Skal finna ut kor mykje mikroplast i Bergen som ender opp i Arktis

Eit nytt, internasjonalt forskingsprosjekt i Bergen skal jakta på, og spora mikroplast både i djupt vatn og i overflata.

Mikroplastprosjekt i Byfjorden

PLASTOPPSAMLING: Ein «skimmer» blir sett ut for å pumpa inn vatn i filter og filtrera ut mikroplast.

Foto: Lidvard Sandven / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Me veit ikkje samanhengen mellom kystlinja og det opne hav, så me er her for å finna meir ut om distribueringa av plast, seier Alessio Gomiero, som er forskar i Norce, og prosjektleiar.

Om bord i båten står han, saman med forskarar frå heile Europa, omringa av avanserte utstyr og instrument.

Dei er på jakt etter mikroplast, for å finna meir ut om kvar han kjem frå, kvar han ender opp, og kva effekt det har på økosystemet.

Dette har aldri blitt gjort i så stor skala, når dei no undersøker vatn på overflata, fem meter djupn, og 200 meter.

Alessio Gomiero, Norce

PROSJEKTLEIAR: Alessio Gomiero er seniorforskar i Norce er prosjektleiar i FACTS.

Foto: Lidvard Sandven / NRK

Slitasje frå bildekk

Prøvetakinga føregjekk i Byfjorden i Bergen førre veke. Dei har sju plassar dei skal undersøka, alle med ulike karakteristikkar og utfordringar knytt til plast.

Men prosjektet strekker seg lengre enn berre til Askøy utanfor Bergen.

Les også Mikroplast fra Europa går i en evig «loop» via kysten av Norge og opp i Nordishavet

Slik mener forskerne at mikroplasten beveger seg rundt i polishavet.

Område frå Tyskebukta utanfor Danmark, Nederland og Tyskland og heilt opp til Arktis skal analyserast, for å få eit best mogleg bilete på kvar plast ender opp og kvar det kjem frå.

Bjørn Einar Grøsvik er forskar i Havforskingsinstituttet, og seier dei har fokus på ulike kjelder når det kjem til plast.

Bjørn Einar Grøsvik, Havforskingsinstituttet

STORT OMRÅDE: Bjørn Einar Grøsvik frå Havforskingsinstituttet er med på å saumfara Byfjorden, og samanlikna med prøvar frå andre plassar i verda.

Foto: Lidvard Sandven / NRK

– Det er fokus på slitasje frå bildekk, som har vist seg å vera kanskje den største kjelda til mikroplast frå fastlands-Noreg, og utslepp frå kloakkreinseanlegg, seier Grøsvik.

I tillegg har dei mange referansestasjonar lengre ute i havgapet, og langt inne i fjordane, ved Øygarden og Stamnes.

Grøsvik understrekar at meir kunnskap om tema er heilt naudsynt for å tileigna seg meir kunnskap om utfordringane med mikroplast.

– Me veit at sjøfugl langs Nord-Atlanteren toler veldig lite av større plastbitar før han får problem. Plastkvalen utanfor Sotra for fem år sidan viste at makroplast gjer store problem for større dyr. Same problemstilling kan det vera med mindre dyr som toler mindre bitar, seier Grøsvik.

Mikroplastprosjekt med Norce og HI

SMÅ BITAR: Ser du mikroplasten på dette bilete? Det tvilar eg på. Bitane er ned til 1/1000 av ein millimeter.

Foto: Lidvard Sandven / NRK

Internasjonalt samarbeid

Prosjektet heiter FACTS, og omfattar forskarar frå åtte land.

Universitetet i Bergen, Universitetet i Aalborg, Norce og Havforskingsinstituttet, er mellom anna partar som er involvert.

Einar Bye-Ingebrigtsen er forskar i Norce saman med Gomiero, og meiner det internasjonale samarbeidet er viktig for prosjektet.

Einar Bye-Ingebrigtsen, Norce

MANGE OM BORD: Norske Einar Bye-Ingebrigtsen frå Norce er deltek i prosjektet, saman med andre forskarar frå totalt åtte land.

Foto: Lidvard Sandven / NRK

– Me lærer av kvarandre, og testar ulike metodar og ser kva som fungerer og ikkje fungerer. På den måten kjem me et steg nærare noko som kan brukast likt i heile verda, seier Bye-Ingebrigtsen.

Kor mykje mikroplast er for mykje mikroplast?

– Det har me ikkje svar på endå. Det første er jo å kartlegga omfanget, også finna grensenivå på sikt.