NRK Super er i gang med kanskje den største digitale byggjedugnaden i Noreg. Dei vil gjenskape alle fylka i spelet Minecraft.
– Vi skal samle heile Noreg til å byggje Norge. Kvart fylke får sitt eige område som dei skal fylle med store og små byggverk som skal representere fylket.
– Det er skuleklassar, vennegjengar og familiar som skal byggje på direkten i 12 timar, fortel programleiar Henrik Hildre.
Saman med Jonas Lihaug Fredriksen leier han NRK Super-programmet FlippKlipp. No skal dei også leie det nyaste sakte-TV-konseptet til NRK.
– Det er veldig kult. For i tidlegare sakte-TV-produksjonar har gjerne foreldra måtte forklare borna kvar ein er, og kva ein ser. Men her kan borna sjølve få forklare til foreldra, fortel Lihaug Fredriksen.
Sendinga skal gå direkte i 12 timar på NRK 3 den 25. juni.
– I tillegg skal vi ha ei samsending på Yotube, der vi går litt bak kulissane, supplerer Hildre.
Populært
Minecraft er eitt av dei mest populære spela i verda. I 2014 var det selt i over 14 millionar eksemplar. Enkelt forklart er det digitalt lego; virtuelle byggjeklossar som kan brukast til å skape kva som helst.
– Det er utruleg populært. Det har eksplodert blant unge. Men det er folk i alle aldrar som spelar det.
- Les også:
- Les også:
Vil ha folk frå fylket
– Vi vil veldig gjerne ha fleire deltakarar frå Sogn og Fjordane. Det er det fylket med færrast påmeldte, seier Hildre.
– Vi skal kåre årets fylke på slutten av sendinga. Og der håpar vi Sogn og Fjordane vil gjere det sterkt. Så vi håpar mange fleire vil melde seg på.
- Du kan melde deg på her:
– Eg trur det blir utruleg gøy, og ei oppleving for heile Noreg.
– Mamma er med
– Det skal vere gjestar og artistar. Men alt skal føregå inne i Minecraft. Så alle gjestane får sine eigne avatarar, som blir intervjua inne i spelet, fortel Jonas Lihaug Fredriksen.
– Kven kan vere med?
– Alle! Mamma skal faktisk vere med. Ho vil byggje ein vikingslandsby frå vårt fylke. Det er inga aldersgrense. Vi skal samle Norge, sprudlar programleiar Henrik Hildre.