Hopp til innhold

Skal bygge 85 meter langt skip

Skipsverftet Havyard Leirvik i Sogn har fått nok eit oppdrag. Tredje kvartal 2015 skal dei ha ferdigstilt ein 85 meter lang brønnbåt til Norsk Fisketransport.

Thomas B. Geving, styreleiar i Norsk Fisketransport, og Geir Johan Bakke, adm. dir. i Havyard Group.

GLADE LAKSAR: Signeringa av ein Havyard 587 brønnbåt skal gjere Norsk Fiskeritransport i betre stand til å transportere laks på ein skånsam og effektiv måte. Thomas B. Geving, styreleiar i Norsk Fisketransport og Geir Johan Bakke, Administrerande Direktør i Havyard Group er heller ikkje misnøgde med kontrakten.

Foto: Havyard

Havyard Group har skrive kontrakt med dotterselskapet av Namsos Trafikkselskap ASA om design og bygging av brønnbåten.

Skipet skal designast i Fosnavåg, men skal byggast i Leirvik. Brønnbåten blir nybygg nummer 124, og reiarlaget har opsjon på ytterlegare eitt tilsvarande skip.

Satsar på fisk

I tillegg til denne kontrakten har Havyard i dag kontrakt på design og bygging av ein Havyard 535 snurper til Smaragd og ein Havyard 587 brønnbåt til Fosnavåg Shipping.

– Det er mange synergiar mellom fisk og offshore, både med omsyn til eigarstruktur og teknologiutvikling, seier salsdirektør Tor Leif Mongstad i Havyard Group.

– Difor satsar vi på utvikling av skipsdesign og utstyr til fiskeri og oppdrett i tillegg til offshoreindustrien, held Mongstad fram og legg til at gruppa har utvikla ei rekkje fiske- og brønnbåtdesign siste åra.

– Tilfredsstillande

Dette er andre båten Havyard skal levere av Havyard 587-designen som Mongstad skildrar som ein ny generasjon brønnbåtar.

Han seier Havyard er veldig nøgde med å bli valde som totalleverandør av både design og bygging av skipet.

– Denne type båtar er konkurranseutsett frå store delar av verftsnæringa internasjonalt, spesielt frå europeiske og Tyrkiske verft. Det er difor veldig tilfredsstillande at vi klarar å vere konkurransedyktige på pris, kvalitet og leveringstid seier Mongstad.

Har allereie leigd ut

Norsk Fisketransport er ein av dei leiande brønnbåtreiarane i Norge og opererer etter investeringa med åtte brønnbåtar og eitt servicefartøy. Verksemda har sitt geografiske nedslagsfelt frå Trøndelag til Finnmark.

Ei gruppering av oppdrettarar i Ytre Namdal, Oppdretternes Miljøservice, (OMS) har gått inn ei 5-årig leigekontrakt på nybygget ved levering.

OMS har frå før to fartøy på kontrakt med Norsk Fisketransport, og nybygget erstattar eitt av desse.

Betre rusta

I alt har OMS logistikkansvar for over 50 laksekonsesjonar i Midt-Norge og Nordland. Produksjonen på årsbasis er kring 65.000-70.000 tonn.

Dagleg leiar Gudbjørn Sørheim meiner skipet gjer OMS betre rusta til å transportere laks på lange avstandar til lokale slakteri i Ytre Namdal.

– I tillegg er fartøyet godt eigna til å møte krav og utfordringar knytt til miljø og fiskehelse. Mellom anna har fartøyet teknologi for oppsamling og destruksjon av lakselus. Samstundes er det viktig å vere godt budde på den venta veksten i oppdrettsnæringa, avsluttar han.