Hopp til innhold

Nigeriansk selskap bestiller fartøy frå Havyard

Det nigerianske selskapet Marine Platforms Limited (MPL) har signert kontrakt med Havyard Group om eit Subsea-fartøy til 600 millionar kroner.

Havyard 857

ROMSLEG: Fartøyet som skal til Nigeria vil bli 113 meter langt og 22 meter breitt. Maksfarten er 15 knop, og båten har plass til eit mannskap på 120 personar.

Foto: Havyard Design As/GunnarF AS / Illustrasjon:

Det nigerianske selskapet er ein ny kunde for Havyart og opererer i ein region der få Havyard-fartøy har operert til no.

– Det er første gang vi får bestilling frå ein afrikansk kunde, seier administrerande direktør i Havyard Group, Geir Johan Bakke.

MPL er eit selskap som leverer kompletterings- og subsea-løysingar på djupt vatn.

– Kvalitet, HMS, design, fleksibilitet, leveringspresisjon, kosteffektivitet og god støtte etter levering av skipet er avgjerande kvalitetar som MPS har lagt vekt på då vi valde havyard, seier eigar og administrerande direktør i MPL, Taofik Adegbite.

Tenkjer langsiktig

Han seier at dei ser føre seg eit langsiktig samarbeid med Havyard Group.

– Dei er eitt av få norske verft som tek ansvar for alt utstyr og dei kritiske fasane i verdikjeda når dei byggjer skipa sine, seier Adegbite, og legg til at dei har eit langsiktig perspektiv på forretningsdrifta si.

Det nye fartøyet til MPL blir utrusta og ferdigstilt ved Havyard Group sitt verft i Leirvik i Sogn.

– I Havyard har vi stort fokus på å levere topp kvalitet til rett tid til våre kundar, seier Bakke.

Han legg til at dei frå verftet i Leirvik kan levere den beste kvaliteten og dei kortaste leveringstidene.

– For å oppnå dette må vi ha kontroll på dei kritiske fasane i verdikjeda frå design til uttesting og levering av skipet, seier Bakke.

Rosar dei tilsette sin kompetanse

Han skryter av dei tilsette ved verftet.

– Dei har topp kompetanse og vi styrer og overvakar kvar fase i prosessen nøye. Vi har ein kontinuerleg prosess for å auke konkurransekrafta vår gjennom auka effektivitet og kostnadsreduksjon, seier Bakke.

Han peikar på at den viktigaste suksessformelen er nøgde kundar.

– Vi er glade for å ha fått MPL som kunde og trur at dersom vi leverer slik dei ventar så har vi lagt grunnlag for eit langsiktig samarbeid som begge partar vil tene på, seier Bakke.

Havyard har sidan 2005 utvikla ein serie med subsea-fartøy som har vorte teke godt i mot i marknaden.

– Vi meiner at eitt av våre fortrinn er å kombinere kunnskapen vår og erffaringa i å designe og byggje avanserte offshoreskip med vår evne til å tilpasse produktet vårt til krevjande, spesifikke krav frå våre kundar, seier Arve Helsem Leine som er designsjef ved Havyard Design & Engineering i Fosnavåg.