Etter at kommunen i første omgang berre valde å kjøpa ut husa på nedsida av rasstaden, opplevde bebuarane på oppsida av raset ein stor nedtur.
No er det 14 dagar sidan, og bebuar Lena Sanden er sjukemeld.
Vil ikkje bu der
Ho tykkjer det er merkeleg at dei tre bustadane enno ikkje har fått ei avklaring.
- Hadde du spurd folk kor dei minst ville ha budd så trur eg at våre hus hadde kome ganske høgt opp på lista. Ein treng ikkje mykje dokumentasjon for å skjøna det, meiner ho.
Byrådsleiar Monica Mæland. (Foto: Kjell Herning Puls NRK)
Vil lytta til bebuarane
Undersøkingane som så langt er gjort på toppen av Hatlestad har konkludert med at det er trygt å bu på toppen.
Byrådsleiar Monica Mæland i Bergen seier at kommunen skal lytta til bebuarane før dei tek ei endeleg avgjerd.
- Me har enno ikkje konkludert når det gjeld øvre del av Hatlestad, og eg kjenner ikkje til innhaldet i den siste undersøkinga som blei utført i går, fortel ho.