Hopp til innhold

Sjukehus må avvise smertepasientar

Frå nyttår må Helse Førde avvise tilvisingar til Smertepoliklinikken. Årsaka er mangel på helsepersonell.

Førde sentralsjukehus 17

AVVISER: Tverrfagleg smertepoliklinikk må frå nyttår av avvise tilvisingar.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Helseføretaket opplyser på sine eigne nettsider at personellmangel vil gjere at dei frå nyttår av må avvise pasientar ved tverrfagleg smertepoliklinikk.

Dei som alt har fått brev om at dei skal få time på poliklinikken vil få timen som avtalt.

– Pasientane kan måtte vente lenger på å få eit tilbod ved smertepoliklinikken, seier avdelingssjef Signe Norevik til NRK.no.

– Kor lenge kan det vere snakk om?

– Det er vanskeleg å seie, for det kjem an på kor tid vi klarer å rekruttere nye fagfolk i det tverrfaglege teamet. Det går på lege og psykolog, seier Norevik.

Opna smertepoliklinikken i 2012

Smertepoliklikken vart oppretta i 2012, og har som oppgåve å hjelpe personar som opplever smerte ut over seks månader.

– Pasientar med slik smertetilstand kan få fleire vanskar både psykisk og sosialt. Difor er det viktig å gje denne gruppa hjelp til å kunne leve med smertetilstanden dei har, sa overlege og medisinsk ansvarleg Kjell Brekken då smertepoliklinikken vart opna.

Jobbar med rerkutteringa

Poliklinikken var då samansett av ein medisinsk ansvarleg, ein psykolog, ein sjukepleiar, ein fysioterapeut og ein helsesekretær.

No manglar Helse Førde legen og psykologen i teamet.

– Det er ikkje lett å rekruttere slike stillingar?

– Nei, det kan vere vanskeleg. Men vi jobbar med saka, seier Norevik.