Hopp til innhold

Varslar full gjennomgang av beredskapsplanane etter fleire alvorlege hendingar

Etter hendingar som brannen i Gudvangatunnelen og trippeldrapet i Årdal, skal Helse Førde no ha ein full gjennomgang av beredskapsplanane til sjukehusa i fylket.

Beredskapssjef Jan Petter Sæbø i Helse Førde

SKJERPAR PLANANE: Beredskapssjef i Helse Førde, Jan Petter Sæbø, skal torsdag informere styret i helseføretaket om at dei vil ha full gjennomgang av beredskapsplanane.

Foto: Johan Moen / NRK

– No har Helse Førde verkeleg fått prøvd seg med fleire store hendingar det siste året, og vi har også erfaringar frå tidlegare år i høve uver og pandemi. Så vi ser at å oppdatere planverket vårt er ei av dei viktigaste oppgåvene våre neste år, seier beredskapssjef i Helse Førde, Jan Petter Sæbø, til NRK.

Dei siste åra har helseføretaket fått prøvd ut beredskapen gjennom ei rekkje alvorlege hendingar som influensapandemien i 2009, vulkanutbrot og oskeskyer frå Island og 22. juli-terroren.

Men ikkje minst i høve orkanen Dagmar romjula 2011, bussulukka i Fardal og brannen i Gudvangatunnelen i sommar - og no sist; dei tragiske drapa på Valdresekspressen, og ekstremveret som råka landet sist helg.

– Må ha eit godt planverk

– Vi må ha eit godt planverk for dei som skal trå til når vi har slike store hendingar. Det er ein ganske omfattande jobb og den omfattar alle sjukehusa både i Eid, Lærdal og Førde og dei ulike avdelingane på sjukehusa.

– Men er Helse Førde godt nok førebudde på slike hendingar?

– Erfaringane frå desse hendingane vi har hatt og frå øvingar vi gjennomfører, syner at vi gjer mykje godt arbeid. Folk kan føle seg trygge på at dei blir tekne godt hand om, hevdar Sæbø.

Vil fokusere på varsling

Men særleg etter brannen i Gudvangatunnelen og trippeldrapet i Årdal har Helse Førde fått kritikk, ikkje minst for det som blir hevda å vere manglar i varslingsrutinene ut når det skjer noko.

– No har det vore fokus på varslingsrutinar, men eg synes det kanskje har fått litt for stort fokus. Av og til skjer ting i litt ulik rekkefølgje. No skal vi sjølvsagt ikkje på nokon måte bagatellisere, men dette med varsling er viktig å nå raskt ut til alle som skal vere innsatspersonale, sler Sæbø fast.

Knust låve

DAGMAR: Orkanen Dagmar romjula 2011 gjorde store skader.

Foto: privat

Innfører ny varslingsmetode

Helse Førde vil i 2014 innføre nye system for kommunikasjon mellom sjukehusa og andre naudetatar, og ikkje minst innsatspersonell som skal rykkje ut dersom det skjer noko.

– Vi skal mellom anna innføre noko som heiter UMS som gjev oss moglegheiter til å varsle større grupper ut. Det gjer det lettare å få tak i folk og å få tilbakemelding på kven som møter. Dette er slike ting som samla sett er med på å styrke beredskapen, fortel beredskapssjefen.

Vonar på naudnett neste år

Han har og tru på at det mykje omtala digitale naudnettet vil bli ein del av beredskapen i Sogn og Fjordane neste år.

– UMS og naudnett vil vere nokon av dei tekniske løysingane som vil gjere dette betre for oss.Det er også med på å styrke beredskapen på fleire områder også. Det er summen samla sett som betyr noko, meiner Sæbø.

Orienterer styret

Torsdag skal Sæbø orientere styret i Helse Førde om korleis helseføretaket vil leggje opp arbeidet med beredskap i 2014. Alle hendingane dei siste åra har sett Helse Førde på prøve, men Sæbø er overtydd om at det er tilstrekkeleg med ressursar tilgjengeleg.

– Eg trur at det blir feil fokus å sitje å tenke økonomi i alt vi skal gjere. Eg trur vi har ressursar og det handlar eigentleg om korleis vi kan løyse ut dei ressursane på best mogleg måte innanfor dei rammene vi har, seier beredskapssjefen.

Kripos sine teknikarar gjer undersøkingar ved bussen der tre personar vart drepne i Årdal

TRIPPELDRAP: Helse Førde gjekk i alarmberedskap då meldinga om trippeldrapet i Årdal kom.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix