Hopp til innhold

Sju familiemedlemmer dømde for å ha lurt Nav for 3,8 millionar kroner

Lange fengselsstraffer i ei av noregshistorias mest omfattande trygdesvindel-saker.

Rudolf Christoffersen

UNIK SAK: Statsadvokat Rudolf Christoffersen kjenner ikkje til at ei tilsvarande sak har blitt ført for retten i Bergen.

Foto: Halvor Folgerø / NRK

Tre brør, deira koner, ei dotter og ein rekneskapsførar og hennar tidlegare sambuar sat på tiltalebenken då Bergen tingrett i september i fjor klubba i gang ei av noregshistorias mest omfattande trygdesvindel-saker.

No er alle utanom sistnemnde dømde for grov arbeidsmarknadskriminalitet. Den omfattande saka handlar om fiktive arbeidsforhold, kvitvasking av pengar, dokumentforfalsking, skatteunndraging og grove Nav-bedrageri i millionskala.

Brørne og ei kone må betala 3.866.747 kroner i erstatning til Nav. Retten har også bestemt at vinning på 848.752 kroner skal dragast inn, ifølge den 180 sider lange dommen.

I tillegg er eldstebroren, som blir rekna som hovudmannen, dømt til fengsel i fire og eit halvt år.

Rekneskapsføraren er dømd til to års fengsel for å ha medverka til fleire av bedrageria.

– Denne saka dreier seg om alvorleg arbeidskriminalitet som er svært vanskelig å avdekka. Så vidt eg kjenner til har me aldri hatt ei slik sak som dette i Bergen, og det er utelukkande ein målretta innsats mot eit miljø og ein bransje som gjorde det mogleg å avdekka dei straffbare forholda, seier statsadvokat Rudolf Christoffersen i ei pressemelding.

Aktor Rudolf Christoffersen (t.h.) og bistandsadvokat Ivar Abrahamsen (t.v.)

STATSADVOKAT: Rudolf Christoffersen.

Foto: Eivind Fondenes / NRK

Lang etterforsking

Saka starta då politiet hausten 2017 tok imot politimeldingar frå Nav.

Politiet igangsette etterforsking saman med Nav, Skatteetaten og Arbeidstilsynet som resulterte i ein storstilt politiaksjon 20. desember same år.

Fleire av dei arresterte var tilknytt selskap som leverte aviser frå Schibsted sitt trykkeri i Bergen.

Dei domfelte har tatt imot omfattande ytingar frå Nav gjennom fleire år. Samstundes har dei heilt eller delvis drifta eller jobba i eit eller fleire selskap innan transport og kioskverksemd.

Familiemedlemene er norske statsborgarar, men har innvandra frå Midausten. I retten har den eldste av brørne forklart den inngåande kontakten om jobb og pengar med kulturelle forhold.

Deler av pengane er kvitvaska gjennom pengeoverføringar til ein bankkonto i Spania.

– Ytingar frå Nav skal gå til dei som treng det, og ikkje til bedragarar, seier Christoffersen.

Det var sett av to og ein halv månad til rettssaka. På det meste sat 13 forsvarar i rettslokalet i Bergen tingrett.

På grunn av omfanget og kompleksiteten i saka blei ikkje dommen avsagt innan fristen, men kom denne veka.

Desse blei dømde:

  • Eldste bror (44) er dømt til å betala 2.132.889 kroner i erstatning til Nav. I tillegg må han betala vinning på 406.584 kroner. Han er dømt til fengsel i 4 år og seks månader. Han får heller ikkje driva næringsverksemd dei neste tre åra.
  • Kona (43) til eldste bror er dømt til fengsel i fire månader. Ho er dømt til å tola inndraging av 442.168 kroner.
  • Mellomste bror (38) er dømt til fengsel i eitt år. Han må også betala 444.132 kroner i erstatning til Nav.
  • Kona (38) til mellomste bror er dømt til samfunnsstraff i 120 timar for falsk forklaring og forsøk på å svindla til seg drygt 450.000 kroner frå Nav. Omsynet til barna gjer at retten meiner samfunnsstraff er riktig straffeutmåling, sjølv om fengsel utan vilkår er utgangspunktet.
  • Yngste bror (36) er dømt til fengsel i eitt år og fire månader. Han må betala 617.747 kroner i erstatning til Nav.
  • Kona til yngste bror (36) er dømt til 240 timars samfunsstraff. Omsynet til barna gjer at retten meiner samfunnsstraff er riktig straffeutmåling, sjølv om fengsel utan vilkår er utgangspunktet.
  • Eldste brorens dotter (22) er dømt til fengsel i fire månader. Ho skal ha stilt sin bankkonto til disposisjon for kvitvasking av pengar sidan ho var 17 år.
  • Rekneskapsføraren (51) er dømt til fengsel i to år og to månader. Ho er frådømt retten til å driva næringsverksemd i fire år.