Hopp til innhold

Maciej og Robert kan endeleg jobbe etter ti dagar i import-karantene

STORD (NRK): Maciej og Robert har nett sloppe ut etter ti dagar i karantene. No fryktar ordføraren og leiinga ved Aker Solutions at dei utanlandske arbeidarane blir stigmatiserte i debatten rundt importsmitte.

Polske arbeidarar på Stord

GLADE FOR JOBB: F.v. Maciej Karkosz og Robert Andrzejczuk er nett ferdig med ti dagars karantene i brakkeleiren på Stord.

Foto: Eli Bjelland / NRK

– Eg forstår at folk er redde for smitte. Men kva kan vi gjere? Viruset er bittelite.

Polske Maciej Karkosz og arbeidskameraten Robert Andrzejczuk er nett ferdige med ti dagars karantene.

Dei fortel at det har vore keisamt å vere på kvar sine små rom i brakkeleiren nokre kilometer unna verftet til Aker Solutions på Stord.

– Men det er viktig for å stoppe covid-19, seier Karkosz.

Begge har ansvar for ungar og anna familie i Polen. No er dei glade for å få komme tilbake til Noreg og jobbe etter å ha blitt permitterte i mars.

– Vi treng pengar til familiane våre, det er derfor vi er her.

Sjefen fryktar dei blir stigmatiserte

Men i sosiale medium murrar det av skepsis mot utlendingar som kjem til Noreg for å jobbe midt i koronapandemien.

Ifølgje helsestyresmaktene har importsmitte vore ein del av årsaka til at smitte har spreidd seg i Noreg i haust.

– Eg fryktar at dei blir stigmatiserte og får skulda for at vi har smitte her til lands. Det er ikkje tilfellet her, seier fungerande verftsdirektør Terje Johansen.

Onsdag vart det oppdaga 13 nye koronasmitta hjå ein av underleverandørene til Aker Solutions.

Dei har alle sete i karantene sidan de kom til Norge og er no overført til ei isolasjonsbrakke.

Fungerande verftsdirektør Terje Johansen.

UROA: Terje Johansen er fungerande verftsdirektør i Aker Solutions.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Strengt vakthald

Karkosz og Andrzejczuk har tre negative koronatestar kvar å visa fram. Ein før avreise, og to i eit testtelt like ved brakkene til verftet.

– Det var ikkje noko kjekt, men vi må gjere det, seier Karkosz om å få pinnar opp i nasa.

Over 7000 testar er tekne i teltet. Sidan september har 86 vore positive. Det er over halvparten av alle smittetilfella i Stord kommune.

Under karantenen har dei polske arbeidarane hatt høve til å lufte vettet, men måtte halde god avstand til folk. Vakthaldet er strengt.

– Vakter gir beskjed viss nokon står for tett, seier Maciej Karkosz.

Han meiner sikkerheita er god og viktig.

Samstundes fekk fekk tre britiske arbeidarar ved verftet bøter på 20.000 kroner etter brot på karantenereglar i november. Dei hadde teke ein taxi i lag.

Isolerer smitta arbeidarar

Tidlegare i haust skreiv Johansen eit lesarinnlegg i lokalavisene på Stord der han forklara kvifor dei framleis nyttar utanlandsk arbeidskraft og korleis dei jobbar med smittevern.

Skjermdump Stord24

SKJERMDUMP: Nokre av kommentarane under saker om smitta utanlandske arbeidarar på Stord.

Foto: Skjermdump Stord24.no

No reagerer han på debatten rundt importsmitte. Han meiner den er unyansert og prega av mangel på forståing og kunnskap.

– Utanlandske arbeidarar fortener meir respekt, seier Johansen til NRK.

I sommar gav regjeringa karantenefritak til titusenar av arbeidsinnvandrarar. Det skjedde etter lobbyverksemd frå industrien, kunne Aftenposten avsløre førre veke.

I vesle Hyllestad i Sogn har over 130 menneske blitt smitta i utbrot knytte til verftet i bygda. FHI har gitt verftet krass kritikk for handteringa.

På Stord seier Johansen at ingen av dei 86 smitta arbeidarane, som har blitt isolerte, har vore i kontakt med innbyggarane.

– Det er ikkje overført smitte til lokalbefolkning eller våre eigne arbeidarar, seier han.

Klarar seg ikkje utan innleige

Over 600 utanlandske arbeidarar er no i jobb på verftet på Stord. Hjørnesteinsverksemda har rundt 1600 faste tilsette, men er avhengig av innleige.

– Dei er ønska av oss. Dei er nødvendige i vårt arbeid. Dei representerer ein kompetanse vi ikkje har nok av i Noreg. Mange av dei har vore her i mange år og dei er flinke fagarbeidarar, seier Johansen.

Han meiner at deira rutinar og eige testregime gjer dei mykje betre rusta til å hindre smitte enn andre verksemder.

Folkehelseinstituttet har ikkje grunnlag for å uttale seg om Stord-verftet, men stadfestar overfor NRK at arbeidsgjevars rutinar og tilrettelegging er svært viktig for å fange opp og avgrense smitte.

Ordføraren er også bekymra

Stord-ordførar Gaute Epland delar bekymringa til verftssjefen om at utanlandske arbeidarar kan bli stigmatiserte i debatten om importsmitte.

– Det blir veldig fort svartkvitt. Når det er høge smittetal er det alltid nokon som har lyst til å kategorisere enkelt grupper.

Han understrekar at det er naturleg at det er noko høgare smitte blant arbeidarar frå Polen, grunna smittesituasjonen i landet deira.

– Det er viktig med ein nyansert debatt også på dette området, seier Epland.

Blir julefeiring i Noreg

Karkosz og Andrzejczuk har sidan 2018 flydd att og fram til Polen for å montere stillas på Stord.

I år skal dei også feire jul her for å kunne jobbe vidare etter nyttår. Motivasjon er jobb og god løn.

Dei har ikkje fått med seg så mykje av skepsisen frå nordmenn enno.

– Det er normalt at folk vil vere litt redde for å beskytte seg sjølve. Men vi må ha ein jobb og tenke på framtida, barna og familiane våre. Eg kan ikkje la sjansen gå frå meg sjølv om det er keisamt med karantene, seier Karkosz.

Polske arbeidarar på Stord.

IKKE HEIM TIL JUL: F.v. Maciej Karkosz og Robert Andrzejczuk blir i Noreg også i jula for å kunne jobbe uti januar.

Foto: Eli Bjelland / NRK