Under utbrotet i Hyllestad mangla det ein systematisk oversikt over tilfelle og nærkontaktar, skriv FHI i rapporten som blei offentleggjort måndag.
– Eg kan ikkje sei at eg er veldig overraska. Det er vanskeleg for ein kommune å ha ei oversikt over arbeidarar, seier Hyllestad-ordførar Kjell Eide (Ap).
I alt 131 personar blei smitta under utbrotet i kommunen med berre litt over 1300 innbyggjarar.
FHI slår fast at mange aktørar, med til dels uavklara ansvarsfordeling, førte til kommunikasjonssvikt og gjorde behandlinga av utbrotet vanskelegare.
– Er det naturleg at vi skulle vere rigga 100 prosent? Det hadde ikkje vore mogleg, men det er klare teikn til kva vi kunne gjort betre, seier Eide.
Små kommunar med større verksemder kor dei nyttar seg av gjestearbeidarar er spesielt sårbare under større utbrot på arbeidsstaden, skriv FHI.
– Små kommunar er avhengige av samarbeid. Då er det lurt å ha samarbeidsavtalar på plass, seier avdelingsdirektør i FHI, Line Vold.
OVER HUNDRE BLEI SMITTA: Hyllestad-ordførar Kjell Eide er ikkje overraska over funna til FHI i rapporten om utbrotet i kommunen.
Foto: Seline Larsen / NRK– Mangla forståing
Kritikken går særleg på problem med informasjonsflyten til gjestearbeidarane.
I rapporten blir det peika på vanskar med få ut informasjon til arbeidarane om årsak for testing, behov for karantene og isolasjon.
Det var og problem med å få ut kor lange desse periodane skulle vare og kor viktig det var å overhalde dei.
– Rapporten peikar på arbeidsgivar sitt ansvar for å sikre at arbeidstakarane følger reglar og råd for karantene, seier avdelingsdirektør i FHI, Line Vold.
Etter samtalar med nokre tilsette vart det tydeleg at noko av informasjonen ikkje nådde fram, og det var utfordringar med å få stilt spørsmål på eige språk og dessutan avklaring av situasjon. Enkelte mangla også forståing av alvoret med smitten, skriv FHI.
Verftsleiar Erlend Hatleberg kallar rapporten ei grei oppsummering av situasjonen.
– Eg synest vi hadde grei kontroll. Vi ser no i ettertid at nokre ting ikkje var gode nok, og det har vi tatt tak i, seier han.
Hatleberg er klar på at dei særleg tek med erfaringar frå informasjonsflyt vidare.
– Vi har oppretta større og betre kommunikasjon med utanlandske arbeidarar. I tillegg har kommunen oppretta ein eigen kanal for korona-kommunikasjon, seier han.
Berre menn blei smitta
Majoriteten av dei som blei smitta var frå Polen, men inkluderte også personar frå Romania, Noreg og andre land.
Alle tilfelle var menn, snittalderen var 45,2 år blant.
FHI er klar i sin kritikk av korleis informasjonsflyten ikkje fungerte då det stod på som verst.
I tillegg til reint språklege utfordringar, vart informasjonsflyten svekka av mange involverte, skriv FHI.
– Det har vore krevjande med kommunikasjonen, men det blei betre. Å bu seg på noko slikt er ikkje enkelt, og det kan ein ikkje forvente heller, seier Eide.
På verftet var det i tillegg til dei fast tilsette ei rekke underleverandørar, og underleverandørar av dei igjen.
– Det er klare lærepunkt for både oss og verftet, seier Eide.
Utbrotet har kosta kommunen rundt 10 millionar kroner.