Hopp til innhold

Tore André Flo presentert som ny Sogndal-trenar: – Eg er ikkje berre snill

Tore André Flo varslar at Sogndal skal tilbake i toppdivisjonen, og avviser at han er for snill til jobben.

Tore André Flo varslar at Sogndal skal tilbake i toppdivisjonen, og avviser at han er for snill til jobben.

SKAL OPP: Tore André Flo vart presentert som ny trenar i Sogndal Fotball torsdag formiddag. – Vi skal etablere oss i toppdivisjonen, sa han.

Foto: Oddgeir Sæle / NRK

– Nokre seier at eg er for snill, men eg har vore i toppfotballen i meir enn 30 år no. Eg hadde nok ikkje overlevd så lenge om eg berre var snill, seier Tore André Flo.

Han legg til:

– Eg har eit konkurranseinstinkt som ikkje alle ser, og kan ta i om det trengst.

Flo vart presentert som ny trenar i Sogndal Fotball torsdag formiddag.

– Vi er samde om målet. Vi skal etablere oss i toppdivisjonen, sa han.

Han kjem frå jobben som talentutviklar i Premier League-klubben Chelsea.

– Eg har etablert eit liv i London som eg er glad i, og no må eg gje slepp på det. Men eg kom til at eg vil prøve meg som trenar. Eg har hatt ein draum om det i lang tid.

Flo og klubben er einige om ei avtale på tre år med oppstart frå og med nyttår 2022.

Tore André Flo tek over jobben frå Eirik Bakke, som i august gjorde det klart at han ikkje ønska å forlenge kontrakten som hovudtrenar for klubben.

– Han er ein ven og eg er stolt av kva han har fått til. Klubben var utruleg nære å rykke opp i fjor, seier Flo.

Flo både byrja og enda fotballkarrieren i Sogndal. Proffkarrieren i utlandet byrja då han vart henta til Chelsea frå Brann i 1997.

Da Norge slo Brasil i Fotball-VM 1998

MIRAKELET I MARSEILLE: Flo rett i forkant av utlikninga mot Brasil i VM i 1998.

Foto: JEAN-PAUL PELISSIER / SCANPIX

Siste comeback skjedde i 2011 då han signerte ein kontrakt med Sogndal Fotball, før han la opp siste gong sommaren 2012. Deretter har han vore i ulike assistentroller i Chelsea, samt Noregs U21-landslag.

– Han tar med seg ekspertise og impulsar frå toppnivå i Chelsea. Det kan samla oss som klubb etter eit turbulent år, seier leiar i supporterklubben Saftkokaradn, Øyvind Heimset Larsen.

Tore Andre Flo

COMEBACK: Tore André Flo gjorde comeback i 2011, før han la opp i 2012.

Foto: Rune Sjøberg