Hopp til innhold

Mange droppa vaksinetime på inneklemt dag – legar uroa for oppmøtet i fellesferien

I Trøndelag var det mange som ikkje møtte opp for å få koronavaksine på den inneklemte fredagen i førre veke. Det provoserer og uroar fylkeslegen.

Vaksinering helsepersonell

AVLYST: Mange møtte ikkje opp eller avbestilte timen sin for å få koronavaksine på den inneklemte dagen førre veke.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

– Eg synest det er heilt forkasteleg at folk ikkje møter opp. Dette er ein felles dugnad for å bidra til at vi kan opne opp samfunnet igjen, seier fylkeslege Jan Vaage i Trøndelag.

Fleire kommunar i Trøndelag opplevde at mange avbestilte timen for vaksinering, eller ikkje møtte opp til avtalt vaksinering på den inneklemte fredagen i førre veke.

– Med tanke på at vi framleis held på å vaksinere folk i 60-70-åra, og folk som har underliggande sjukdommar, synest eg det er veldig rart at ein vel å ta seg fri og reise vekk, framfor å møte opp til vaksinering, seier fylkeslegen til NRK.

Det var Adresseavisen som omtalte saka først.

Jan Vaage

– UFORSTÅELEG: Fylkeslege Jan Vaage i Trøndelag meiner det er uforståeleg at folk ikkje møter opp til vaksinering.

Foto: Stein Roar Leite / NRK

– Ynskjer å reise på hytta ei langhelg

Statsforvaltaren i Trøndelag kartla kommunane sine moglegheiter for å vaksinere ekstra mange personar i fellesferien, då dei fekk vite at folk ikkje møtte opp til vaksinetimen sin.

Trude Søreng er ein av to vaksinekoordinatorar. Ho stadfestar at dei har fått utsegn frå fleire kommunar om at dei fekk avbestillingar på den inneklemte fredagen.

– Vi har ikkje gjort ei kartlegging, så vi har ingen tal som kan bekrefte dette, presiserer ho.

Kva trur du manglande oppmøte kan skuldast?

– Det er ein teori om at folk ynskjer å reise på hytta ei langhelg. Men det kan vere mange forklaringar på dette, seier ho.

Vaage trur mange hadde reist på ferie allereie onsdag eller torsdag, sidan det var langhelg.

Ein prioriterte fritid framfor vaksine. Det reagerer eg litt på, seier han.

Mangelen på oppmøte til vaksinasjon i fleire kommunar i Trøndelag er omtalt i statsforvaltarane si rapportering inn til Helsedirektoratet. Der står det også at fleire kommunar er bekymra for å måtte kaste mange vaksinedosar når det er duka for massevaksinering i juli.

– Det er urovekkande om folk vel å reise vekk på ferie framfor å møte opp til vaksinering, seier Vaage.

Planlegg «vaksineboom» i juli

Fleire er no bekymra for korleis det skal gå når «heile landet» skal få vaksine i juli.

– Slik som det er no med ei til to veke varsel, blir det krevjande å få folk til å møte, seier Jan Helge Dale, som er kommuneoverlege i Kinn kommune i Vestland.

Dale meiner kommunane bør få fleire vaksinar i slengen, og ha større råderett over vaksinane.

– Vi skulle gjerne fått gitt helsepersonell dose nummer to, før dei tek ein velfortent ferie etter å ha stått i pandemien så lenge. Men no blir det slik at «vaksineboomen» kjem i fellesferien, og det blir krevjande, seier han.

Jan Helge Dale

– KREVJANDE: Kommuneoverlege i Kinn kommune, Jan Helge Dale, meiner det blir krevjande at «vaksineboomen» kjem i fellesferien.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Han forklarer dette med at kommunen ikkje veit kor mange dosar dei får, i tillegg til at folk må halde seg heime frå ferie.

– Det skal settast dosar i veke 29, 30 og 31. Så innbyggjarane kan berre begynne å planleggje etter det, seier han.

Også Rogaland uttrykker bekymring rundt vaksinering i desse vekene.

– Det er bekymring knytt til om talet på vaksinerte vil gå ned dersom ein større del skal vaksinerast i dei vekene der det er forventa å vere vanskelegast å få folk til å møte til vaksineavtalar, heiter det i rapporten til Helsedirektoratet.