Hopp til innhold

Sjå korleis arbeidsløysa har auka i din kommune

Koronakrisa har ramma Kommune-Noreg svært ulikt, men turistkommunar er hardast råka. Sjekk korleis bølgja av permitteringar råkar din kommune.

Arbeidsledighet i Norge april 2020

12. mars innførte regjeringa dei mest inngripande tiltaka sidan krigen. Heller ikkje sidan den gong har Noreg hatt ei høgare arbeidsløyse enn den me opplever i dag.

Fire veker før påske la regjeringa ned forbod mot kulturarrangement og stengde barar, svømmehallar og frisørar.

Sidan har permitteringstala gått i taket. Tysdag kom dei siste oppdateringane som viser korleis arbeidsløysa brer seg over noregskartet.

  • Sjekk utviklinga i din kommune her. Trykk for å sortera etter endring eller total arbeidsløyse:

Hemsedal på topp

Hardast ramma er kommunane som baserer seg på reiseliv, turisme og opplevingar, viser NRK si kartlegging.

Kommunane som toppar lista med prosentvis høgaste grad av permitterte er ski- og hytteeldoradoa Hemsedal og Trysil, i tillegg til reiselivskommunen Aurland.

Hemsedal er råka hardast av alle. Her har éin av fire arbeidsføre søkt dagpengar under permittering.

Akkurat no er 30,3 prosent, eller 423 personar, heilt arbeidsledige.

– Det er sjølvsagt ein statistikk der me helst ikkje vil trona øvst på pallen, seier ordførar Pål Rørby (Sp) i fjellkommunen.

Påskeferien 2020 under koronautbruddet
Afterskiområdet på Skistua i alpinanlegget i Hemsedal var fullt av festglade skiturister på ettermiddagen skjærtorsdag 2019.

2019 mot 2020: Slik såg det ut på Skistua i Hemsedal i påska i fjor og i år.

Foto: Erik Johansen / Ørn E. Borgen / NTB scanpix

Arbeidsløysa gjekk opp med 1000 prosent

Store utslag er det òg i små kommunar der hjørnesteinsbedriftene permitterer. I Hyllestad i Ytre Sogn har skipsverftet Havyard permittert stort.

Når kommunen berre har drygt 700 arbeidstakarar, gir slike endringar store utslag i statistikken.

10. mars var det berre 12 heilt arbeidsledige i kommunen. 21. april hadde talet stige til 121.

På under ein månad har arbeidsløysa auka med elleville 1008 prosent i vestlandskommunen.

Rett nok betyr det ei auke i arbeidsledige frå 1,6 til 17,1 prosent.

– Det er klart det er enorme tal. Ei slik hjørnesteinsverksemd spelar ei viktig rolle i vårt lokalsamfunn, seier Hyllestad-ordførar Kjell Eide (Sp).

Han understrekar at noko av effekten kjem av utanlandske arbeidarar, som tidleg blei permitterte og sende heim.

Havyard i Leirvik i Hyllestad

HYLLESTAD: Den vesle kommunen i Ytre Sogn hadde knapt arbeidsledige før pandemitiltaka blei sett i verk. Så permitterte hjørnesteinsbedrifta.

Foto: Elise Kvien / NRK

– 96 prosent i overnattingssektor utan jobb

287.000 personar er registrerte som heilt ledige hos Nav, viser tala i vekesrapporten som blei presentert tysdag.

I tillegg var 130.000 personar registrerte som delvis ledige arbeidssøkarar. Totalt var dermed 15,3 prosent av arbeidsstyrken registrert som arbeidssøkarar.

Arbeidsløysa er høgast innan reiseliv og transport, kor 28,1 prosent av arbeidsstyrken er registrert som ledige.

På denne tida i fjor var skisentera og overnattingsstadene i Hemsedal i ferd med å avslutta sesongen. Mars og april er overskotsmånadene som skal sikra pengar også i den stille delen av året.

Pål Rørby

ORDFØRAR: Hemsedal-ordførar Pål Rørby (Sp).

Foto: Asle Hella / NRK

No er 96 prosent av alle tilsette i overnattings- og serveringssektoren i Hemsedal kommune permitterte.

– Det er så godt som heile næringa vår. På kort sikt medfører det at dei minste bedriftene truleg ikkje overlever utan hjelp. Dei største bedriftene vil nok vurdera vidare investeringstak i lang tid framover, seier Rørby.

No fryktar ordføraren ei rekke av konkursar utan ytterlegare hjelp. Estimat viser eit samla omsetningstap på rundt 450 millionar kroner i mars og april, fortel Rørby.

– 40 prosent av omsetninga ligg i desse månadene. Situasjonen kan samanliknast med at bjørnen som skal gå i hi, ikkje har fått lagt på seg nok næring til å overleva dvalen.

Cruiseskip i Flåm

FLÅM: Turistmagneten Flåm i Aurland er blant dei mest besøkte cruisehamnene i Noreg. I 2020 er dette synet lite sannsynleg.

Foto: Sondre Dalaker

– Innforstått med at livsverk kan gå tapt

I Vestland ligg Voss og Aurland som naboar på kartet. Fjellbygda Voss har tapt stort på stengde skianlegg og overnattingsstader. No håpar dei sommarsesongen kan redda stumpane.

I Aurland har sesongstarten starta katastrofalt. Sommaren som skulle sikra kroner i kassaapparata er meir eller mindre avlyst.

– Eg er heilt innforstått med at det er aktørar her som har lagt ned ufatteleg mykje tid og pengar, som no ser at livsverket kan gå tapt, seier Aurland-ordførar Trygve Skjerland (Sp).

Ved bruk av Nav sine kart over talet på arbeidsledige i Vestland, har NRK visualisert korleis permitteringsbølgja har spreidd seg.

Videoen gir eit slåande døme på korleis koronapandemien lamma næringslivet og sysselsetjinga i landet i løpet av mars. Siste dag i februar var det meste av Vestland fylke mørkegrønt, det vil seia med låg arbeidsløyse.

Midt i mars var biletet framleis grønt, men langt lysare på farge. Ei veke seinare, 24. april, var det knapt nokre kommunar igjen i Vestland med grøne fargar.

Forsiktig optimisme

I vinterkommunen Voss er det mørkerødt. Det same er det i Aurland, der turistmagneten Flåm har trekt til seg millionar av turistar dei siste åra.

Denne sommaren uteblir dei mange cruiseskipa.

– Dette vil berre breia om seg. Jo lenger krisa pågår, desto større vil skadeverkandene bli for kommunane.

Trygve Skjerdal

FLÅM: Ordførar Trygve Skjerdal i Aurland kommune fryktar konkursar og svekka kommuneøkonomi på grunn av koronakrisa. Hjørnesteinsbedrifta Aurland Ressursutvikling AS har sikra kommunen store utbyte siste åra.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Likevel er ordførar Trygve Skjerdal forsiktig optimist.

– Det positive i dette er dei telefonane eg har fått frå næringslivet dei siste dagane med spørsmål om å opna opp att deler av næringa. Det er først og fremst campingsplasseigarar, som har fått telefonar frå nordmenn som ønskjer plass, som no lurar på korleis dei kan innretta seg. Me har eit mål om å sakte, men sikkert få desse næringane i gang.

Arbeidsledighet 28. februar 2020 versjon 2