Hopp til innhold

– Eg fekk høyre at han var Noregs Stevie Wonder

Denne dama, Irene Kinunda fekk tilbodet: Vil du synge duett med Bjørn Eidsvåg? Problemet var berre at ho hadde inga aning om kven han var.

Irene Kinunda og Bjørn Eidsvåg
Foto: NRK

– Eg måtte spørje venene mine om dei hadde høyrt om ein mann som heitte Bjørn Eidsvåg. Dei sa han var Noregs Stevie Wonder, ler Irene Kinunda.

Dei to møttest for første gong før jul.

– Eg trudde kanskje han var adoptert, blind og mørk, seier Kinunda, noko som får Eidsvåg til å trekke kraftig på smilebandet.

Denne damen, Irene Kinunda fikk tilbudet: vil du synge duett med Bjørn Eidsvåg? Problemet var hun hadde ingen anelse om hvem han var. 
Men til konsertene i Grieghallen denne uken, fikk Eidsvåg likevel ønsket sitt oppfylt.

Sjå Irene Kinunda og Bjørn Eidsvåg synge duett i Grieghallen.

Saman på scena

Til slutt fekk Bjørn Eidsvåg ønsket sitt oppfylt. Under konsertane i Grieghallen denne veka sto dei saman på scena.

– Ho er nok den yngste eg har hatt med som duettpartnar på «Mysteriet deg», fortel Eidsvåg.

Er sett opp ekstrakonsert

Kinunda kom til Noreg som flyktning for ni år sidan, og er ein del av musikk- og teatergruppa Fargespill i Bergen. Barn og ungdom frå heile verda deltek i prosjektet.

– Det er noko med utstrålinga og humøret hennar, seier Bjørn Eidsvåg.

Med Bergen Filharmoniske Orkester i ryggen, har konserten blitt så populær at det til og med er sett opp ekstrakonsert.