Hopp til innhold

Bergen skal behandla alle nye smittetilfelle som omikron-varianten

Etter ny smittetopp for andre dag på rad, har byrådet lagt fram nye koronatiltak i Bergen. Dei har innført utvida munnbindpåbod, og alle nye smittetilfelle blir behandla som omikron.

Pressekonferanse om lokal tilpasning av koronatiltak i Bergen kommune den 9. desember 2021

Pressekonferanse om lokal tilpassing av koronatiltak i Bergen kommune den 9. desember 2021

Torsdag kunne Bergen kommune melda om 471 nye smitta.

– Situasjonen er bekymringsfull, seier smittevernoverlege Marit Voltersvik på kommunen sine nettsider.

Byrådet har i dag kome med desse nye lokale tiltaka:

  • Utvida munnbindpåbod
  • Alle nye smittetilfelle blir behandla som omikron-smitte
  • Opnar for heimeskule på skular som har smitteutbrot, og reduserte opningstider i barnehagar og SFO

– Det er no nødvendig å vinna att ein form for oversikt og kontroll for situasjonen. Med så dramatisk høge tal med påvist smitta per dag, mistar me langt på veg oversikt over smittevegar og smittestadar, seier kommuneoverlege Trond Egil Hansen.

Han understrekar at det ligg grundige smittevernfaglege vurderingar til grunn for tiltaka.

Munnbindpåbodet som byrådet har forskriftsfesta som vil gjelda frå klokka 20.00 i kveld. Det er påbod om munnbind på alle innandørs offentlege stadar der det ikkje er mogeleg å halda ein meters avstand.

– I praksis må folk ha med seg munnbindet og ta det på overalt når du er innandørs på offentleg stad, seier byrådsleiar Roger Valhammer (Ap).

Legg til grunn at alle nye smitta har omikron

Alle nye smitta i Bergen vil ny bli rekna som om dei er smitta av omikron-varianten av koronaviruset.

– I praksis betyr dette at alle som får påvist smitte i Bergen, så vel som deira nærkontaktar, frå og med i morgon, vil måtta følgja dei nasjonale isolasjons- og karantenekrava for omikronsmitte, seier Valhammer.

Det vil gjelda fram til dei eventuelt får avkrefta at dei er smitta av den varianten.

1. desember vart dei fyrste tilfella av omikronvarianten av koronaviruset i Noreg påvist i Øygarden, Bergen sin nabokommune.

I går fann laboratoriet til Helse Bergen på Haukeland universitetssjukehus to nye tilfelle. Totalt har laboratoriet funne sju tilfelle.

Opnar for heimeskule og reduserte opningstider

181 av dei nye smitta, i underkant av 40 prosent, under 20 år gamle.

Byrådet har difor opna for å ta i bruk heimeskule som tiltak på skular som har smitteutbrot. Tiltaket skal brukast i kortare tidsperiodar.

– Dette vil bli vurdert på den enkelte skule i samarbeid med lokal smittevernmyndigheit, seier Valhammer.

Byrådet opnar og for reduserte opningstider i barnehagar og SFO. Den vil vera frå 08.30 til 15.30.

– Alle vil få beskjed av sin barnehage og sin skule om dei omfattast av redusert opningstid, seier Valhammer.

Det er unntak for barn som har føresette i kritiske samfunnsfunksjonar, sårbare barn eller barn som av ulike praktiske omsyn treng eit heiltidstilbod.

Tiltaka for barnehagar og skular gjeld frå måndag.

Grunnen til at byrådet ikkje innfører gult nivå, er at det vil krevja meir bemanning i skular og barnehagar.

– Me har ein anstrengt situasjon på bemanning allereie. Kommunen må difor innføra tiltak som tar omsyn til den anstrengde bemanningssituasjonen, seier skule- og barnehagebyråd Endre Tvinnereim (Ap).

– Meir krevjande enn nokon gong

Helsebyråd Beate Husa (KrF) byrja sin tale på pressekonferansen med å takka helsepersonellet som står på i byen.

– Dette arbeidet har me stått i i 21 månader med varierande intensitet. No er kanskje arbeidet meir krevjande enn nokon gong.

Husa er oppteken av at folk etterlever tiltaka.

– Viss du er i tvil om det er munnbindpåbod der du oppheld deg, så bruk munnbind. Ha alltid med deg munnbind. Plutseleg skal du innom ein plass der du ikkje hadde tenkt du skulle innom.

Spesielt manar Husa ungdom til å bruka munnbind.

– Me treng og at fleire takkar ja til vaksinering, og eg oppmodar og alle som får tilbod om ein tredje dose om å takka ja til den.

Husa trur bestemminga om å behandla alle smittetilfelle som om det var omikronvarianten av korona vil vera effektiv.

– Det er noko som vil kunne få ein rask positiv påverknad på smittesituasjonen. Så forstår me at dette vil vera inngripande. Men me ser diverre ikkje eit godt alternativ til det me gjer no, seier helsebyråden.

To koronadødsfall i Helse Bergen i går

To eldre koronapasientar over 65 år døydde i går med korona på sjukehusa til Helse Bergen.

14 pasientar er i dag lagt inn med korona på Haukeland universitetssjukehus, og to er lagt inn på Voss sjukehus. I tillegg er to lagt inn på Haraldsplass. Fire av pasientane får intensivbehandling.

Eit tal på 16 innlagde er relativt høgt, men likevel lågare enn førre torsdag. Då var 25 pasientar lagt inn, det høgaste talet gjennom heile pandemien.

Haukeland universitetssykehus.

HAUKELAND: 14 pasientar er i dag lagt inn på Haukeland med korona. I tillegg er to lagt inn med viruset på Haraldsplass.

Foto: Marit Hommedal / NTB

Berre 18 av dagens 471 nye smitta er over 60 år gamle.

– Mange av dei eldste har no fått ein boosterdose, noko som kan tyda på at denne har ein god beskyttande effekt, seier smittevernoverlege Voltersvik.