Den 25. november sovna motstandsmann, politikar og jurist August Rathke stille inn i heimbyen Bergen, 96 år gammal.
Men det var ikkje gitt av han skulle leve så lenge.
Som tenåring risikerte han livet under andre verdskrig. Han dreiv illegale aviser, utførte sabotasje og slapp så vidt unna klørne til nazistane.
I dag vart han gravlagt i heimbyen Bergen.
Diktet som endra alt?
Rathke var berre 14 år då krigen braut ut.
I NRK-serien «Okkupert kvardag» fortel han om tida under krigen.
Frå ein butikk høyrde han og familien på radiosendinga frå 17. mai-feiringa i det enno frie Nord-Noreg. Då høyrde tenåringen diktet «I dag står flaggstangen naken» av Nordahl Grieg for første gong.
– Det gjorde veldig inntrykk. Ingen som var i den butikken ville nokosinne forråde sitt land, fortalde Rathke i 2015.
Høyr Nordahl Grieg lese deler av diktet:
Risikerte sitt eige og familiens liv
Rathke fortsette å sniklytte til ulovlege radiosendingar. På små lappar skreiv han ned referat av nyheitssendingane frå London.
Den kommunistiske motstandsrørsla i Bergen tok kontakt med tenåringen, og spurte om han ville vera med å lage illegal avis for ungdom.
Rathke risikerte livet då han sa ja. Straffa for å drive illegale aviser var døden.
– Det merkelege var at vi ikkje var redde. Vi var ikkje engstelege. Vi var unge og vi var opptatt av jobben vi gjorde, har Rathke tidlegare fortalt.
Rathke sette også familien i fare då han dreiv illegale aviser. Då han vart ettersøkt av Gestapo våren 1944, vart søstera, mora og faren arresterte.
– Mor mi vart stygt behandla, slått med gummibatong. Så tok nazistane søster mi inn for å sjå på. Dei sa dei skulle slutte om ho snakka. Men dei snakka ikkje.
Lærte «silent killing» i England
Tidleg på året i 1945 måtte Rathke flykte til England.
19 år gammal fekk han opplæring som soldat i Kompani Linge, ei gruppe nordmenn med base i England som utførte sabotasjeaksjonar i Noreg.
– Mi utdanning gjekk ut på behandling av sprengstoff og «silent killing», fortel Rathke i podkasten «Hele historia: Tungtvannsaksjonen».
I alt var 530 nordmenn med i kompaniet. Då August Rathke døydde 25. november i år var han den siste attlevande soldaten.
Gav aldri opp kampen
Etter krigen vart Rathke utdanna som jurist. Han var aktiv i politikk og sat fleire periodar i Bergen bystyre for Arbeidarpartiet.
Motstandsmannen var opptatt av å fortelje om det som hadde skjedd, slik at det ikkje vart gløymd av dei neste generasjonane.
Under ein markering i 2021 sa den då 95 år gamle Rathke følgande:
– Mange år er gått, men det er viktig at historia ikkje blir gløymd. Særleg når ideologien som var, ikkje er død. Den skal aldri stå opp igjen.
Livet etter døden
August Rathke vart 96 år gammal. I eit til no upublisert intervju frå 2022 snakkar han om det å døy.
– Du har ei sjel. Ein ting er negler og hår og kjøtt. Men det er noko meir med deg, meir enn kroppen. Det må vera noko meir, sa han om livet etter døden.
Tysdag 6. desember tok vener, familie og tidlegare kollegaer farvel med Rathke i Domkirken i Bergen.
– August Rathke var ein utretteleg kjempar for menneskeverdet, sa Joar Eidheim, sjef for Forsvarets spesialstyrkar i gravferda.
Barnebarnet Katarina Rathke minnast ein god og trygg farfar.
– Store, sterke farfar var ikkje redd for å gråte. Da var ikkje vi det heller, sa ho i talen.