Hopp til innhold

SiS vil leggje ned fem skular

Fem sunnfjordkommunar går inn for å leggje ned fem vidaregåande skular: Luster, Høyanger, Stryn, Dale og Mo og Jølster avdeling Jølster er alle skular som må ta inn årene som SiS får det som dei vil.

Samarbeidsforum i Sunnfjord
Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Samarbeidsforum i Sunnfjord (SiS, som består av kommunane Jølster, Førde, Naustdal, Florø og Gaular) har sendt ut si høyringsuttale til skulebruksplanen som skal leggjast fram den 16. mai.

Det er knytt stor spenning til kva fylkespolitikarane vil gå inn for seinare i år. Vidaregåande skular skal kuttast, og både bedrifter og politikarar har vore framme for å jobba for at sin skule eller sin region får eit best mogleg tilbod.

I både Sogn og Sunnfjord har ordførarane i Sogn Regionråd og SiS sagt seg villige til å ofra ein skule kvar, medan Nordfjordrådet held fast på at dei ikkje har ein einaste skule å ofra.

SiS meiner at for å sikre ein best mogleg framtidig skulestruktur i Sogn og Fjordane, so må ein leggja ned fem skular. Dei meiner at både Luster, Høyanger, Dale, Stryn og Mo og Jølster avdeling Jølster må leggja inn årene.

Fylkesrådmannen legg fram 8 modellar, nummerert 0 til 7. Talet på modellar er dobla etter den første framlegginga av alternative løysingar (Norconsultrapporten – modell 1 – 3). Modell 1 har fått modellane 4 og 6 som modifikasjonar, medan modell 2 har modellane 5 og 7 som underalternativ.

– Spesielt modell sju er med på å sikre elevtalsplassar, noko som er særs viktig for Sunnfjord. I denne modellen er idrettsfag og medium & kommunikasjon også eit utdanningstilbod i Sunnfjord. Slik SiS ser det, tek denne modellen best vare på dei måla som er lagt som premissar for arbeidet med skulebruksplanen, står det i uttalen.