Hopp til innhold

Meiner Nordfjord ikkje har ein einaste skule å ofre

Ordførarane i Nordfjord har komme fram til at det ikkje er ein einaste skule å kutte i Nordfjord. Dei let seg ikkje påverke av at ein både i Sogn og Sunnfjord har samla seg om å ofre skular.

Måløy VGS, Firda VGS, Stryn VGS og Eid VGS

VIL IKKJE: Ingen av ordførarane i Nordfjordrådet vil ofre nokon av skulane i Nordfjord.

Foto: Montasje: Stølen, Starheim, Nybø / NRK

– Vi er framleis i ein arbeidsprosess. Sjølve fråsegna er ikkje klar før fredag, men vi ønskjer framleis ein desentralisert skulestruktur i heile fylket. Vi vil ha eleven i sentrum, seier ordførar i Hornindal og leiar i Nordfjordrådet Anne-Britt Øen Nygård.

Det skal og må kuttast i det vidaregåande skuletilbodet i Sogn og Fjordane. Fram mot 2024 må ein spare mellom 72 og 97 millionar kroner.

I indre Sogn har ordførarane samla seg om kutt ved Luster vidaregåande, medan ein i Sunnfjord har komme til semje om å gjere kutt ved Mo og Jølster vidaregåande skule si avdeling på Vassenden.

Oppmoda Nordfjord om å finne kutt

Måndag gjekk fleire av fylkestingspolitikarane ut i NRK og oppmoda om at også Nordfjord ville komme med liknande kuttsignal. Men oppmodinga har førebels ikkje gitt resultat.

Måndag møttest alle ordførarane i Nordfjord for å diskutere skulebruksplanen, og ifølgje Firda var ordførarane samstemde på at dei avslår kontant å følgje opp kuttviljen som både Sunnfjord og Sogn har synt i den pågåande prosessen.

– Her i Nordfjord samsvarar elevtalet godt med det den vidaregåande skulen tilbyr i Nordfjord. Og nettopp difor ønskjer vi ikkje å leggje ned nokon skule i Nordfjord, seier Nygård.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

I januar i år gjekk innbyggarar og politikarar i fakkeltog mot nedlegging av den vidaregåande skulen på Vassenden i Jølster. 
Men no har ordføraren snudd og vil flytta faga til Førde. Og han får støtte av lærarane ved skulen.

Går med på å flytte skulen til Førde

Har ikkje detaljar på plass

Likevel er ho open for at Nordfjord ikkje kan sleppe unna utan endringar når skulebruksplanen skal leggjast.

– Vi ser for oss at også vi må ta noko av innsparinga, og det kan gjerast ved å flytte på eller samle einskilde linjer meir enn i dag. Men vi jobbar med saka og har ikkje detaljane på plass, understrekar Nygård.

At dette detaljarbeidet kan komme til å splitte Nordfjord-ordførarane har ikkje Nygård noko tru på.

– Nei, vi må prøve å finne dei beste løysingane. Vi vil bruke litt tid på dette, og så tek vi det med oss heim til formannskap og kommunestyre. Det vil skje i løpet av denne veka, og så vil vi prøve å gi ein samla uttale til fredag, seier Nygård.

Må finne gode løysingar

I Sunnfjord har ein sagt ja til å ofre Vassenden-avdelinga av Mo og Jølster vgs., og også i Sogn har ein synt vilje til kutt. Men det ser ikkje Nordfjordråd-leiaren som eit argument for at også nordfjordingane må tenkje kutt i sine rekkjer.

– I denne saka har det aldri vore tema at kvar region skal leggje ned ein skule. Vi må finne gode løysingar med tanke på elevtalet og tilboda over heile fylket. Dette må sjåast på i eit fylkesperspektiv, meiner Nygård.

– Men bør ikkje Nordfjord også kunne ta eit slikt grep, sidan Sogn og Sunnfjord har klart det?

– Eg meiner at vi må sjå på at elevtalet er ganske godt i samsvar med det vi kan tilby dei. Då meiner eg at vi ikkje kan leggje ned ein skule her oppe, seier Nygård.

Til Firda seier Eid-ordførar Alfred Bjørlo at kravet frå Sogn og Sunnfjord om at Nordfjord må gjere det same som dei, ikkje bit på.

– Det er eit anna utgangspunkt i Nordfjord enn i Sunnfjord og Sogn. Dei aksepterer nedlegging av små skular med færre enn 200 elevar. I Nordfjord har vi fire likeverdige skular med mellom 300 og 400 elevar. Skular som er komplette med stor breidde og er fagleg robuste, seier Bjørlo til avisa.