Hopp til innhold

– I Bremanger kjenner folk meg på ein annan måte

Etter å ha skapt høglydt debatt om Oslo-skulen, har Simon Malkenes teke med seg familien til eit nytt tilvære i Bremanger. Men stille har han ikkje tenkt å bli.

Lektor Simon Malkenes er tildelt varsler og ytringsfrihetsprisen Stockmanns Hammer.

HALVE OPPVEKSTEN I BREMANGER: – Dette er ikkje eit rømmingsforsøk, det er meir å finne ut om det er slik nostalgien trur - at når du her om somrane, så er det sommarferie heile året, seier Simon Malkenes om at han og familien no er flytta til Bremanger.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Lektor og litteraturvitar Simon Malkenes blei kjent over heile landet grunna meiningane sine om fritt skuleval i Oslo. Elevane hans kjende seg uthengde, men i kjølvatnet av debatten har læraren også vorte hylla i kampen for ytringsfridom og motteke fleire prisar, mellom dei Fritt Ords Honnør.

No har han flytta frå alt bråket i Oslo, til eit rolegare liv i Bremanger. Eller?

– Eg skjønnar det ser slik ut, men det stemmer ikkje. Familien min og eg prøvde alt i fjor å ta eit år på Vestlandet, men då fekk vi det ikkje til, fortel Simon Malkenes.

Halve oppveksten i Bremanger

At det blei akkurat Bremanger, er ikkje tilfeldig. Mor til Malkenes kjem derfrå, og feriar og helgar gjennom oppveksten har han vore der.

– Eg har vore her mykje. Eg var hos besteforeldra mine, som var fiskebønder og dreiv Havly pensjonat på Igland.

Han har fått med seg kona og barna til Bremanger og eit liv som ifølgje Malkenes ikkje er så annleis frå livet deira i Oslo.

Lektor Simon Malkenes er tildelt varsler og ytringsfrihetsprisen Stockmanns Hammer.

MED FAMILIEN: Simon Malkenes har teke med seg familien til Bremanger. Her frå utdelinga av varslar- og ytringsfridomsprisen Stockmanns Hammer tidlegare i år, saman med barna Mons August og Anna.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

– Der budde vi på Østmarka-grensa, og hadde ulv og elg i bakhagen der. Det var ingen urban jungel vi budde i.

– Vi har heile tida halde på med båtliv, krabbefiske, fiske og fjellturar. Så det er ingen stor overgang. Men det er ein ny kvardag, med nye kameratar og nye klasserom. Men mykje er likt òg, seier han.

Kjendis over natta

Med deltaking i debattprogram og bilete på avisforsidene, blei Malkenes kjendis over natta. I Bremanger kjenner folk han på ein annan måte, meiner han.

– Her i Bremanger trur eg folk har visst kven eg var lenge før eg var i avisa. Så dei kjenner meg på ein annan måte enn som han med alt håret som var i avisa.

At folk kjem bort til han på gata eller ferja, set læraren pris på.

– Det er stas, for det er berre godord. Så noko eg har sagt må vere rett, når så mange kjenner seg att.

Hadde gjort det igjen

Han er ikkje i tvil om at han hadde teke den same debatten igjen. I haust kjem han med bok, der han vil fortelje historia med eigne ord.

– Så det er ikkje over og ikkje blir det stilt heller, seier han.

Førebels er tilværet i Bremanger eit prøveprosjekt. Til våren vil familien bestemme seg for om opphaldet blir varig.

– No skal vi først gjennom vinteren og kjenne på stormane, så får tida vise kva som skjer.