Hopp til innhold

Set opp opera for 15. året på rad

Dei sikta høgt allereie i 1998 då Opera Nordfjord sette opp Flaggermusen. 15 år seinare held dei framleis koken, og i år stilar dei endå høgare.

Hovudsatsinga i 2012 er det romantiske meisterverket Madame Butterfly av Giacomo Puccini. Verket med kjærleik, svik og endelaus sorg har sin premiere laurdag kveld.

Då går den første av ti framsyningar av stabelen.

– Det er fantastisk det dei får til her. Det er ein liten stad og dei får til opera på veldig høgt nivå. Det er omtala i internasjonale musikkblad kor mykje dei har fått til her, seier Thomas Ruud.

(Artikkelen held fram under biletet)

Madame Butterfly

OPERA: Det er 15. året på rad at det blir sett opp operaframsyning på Nordfjordeid.

Foto: Øystein Torheim

– Hjarteskjerande

I stykket spelar tenoren rolla som Pinkerton, ein amerikansk løytnant på jakt etter ei mellombels japansk kone, til han får ei ekte kone i heimlandet. Kona får han formidla gjennom den korrupte presten Goro (Jan Erik Fillan).

Stykket handlar om denne kona. Foreldrelause Cio-Cio-San (Ann-Helen Moen og Nina Gravrok) er ei tenåringsjente oppvaksen på barneheim driven av amerikanske katolske nonner. Når Pinkerton etter kvart får si amerikanske kone, får stykket eit tragisk utfall.

– Det er rett og slett ei hjarteskjerande forteljing, tykkjer operasjef Kari Standal Pavelich.

(Artikkelen held fram under biletet)

Madame Butterfly

PREMIERE: Den første av ti framsyningar av Madame Butterfly er laurdag kveld.

Foto: Øystein Torheim

– Fantastisk historie

Det er 15. året på rad at Opera Nordfjord set opp opera. Madame Butterfly er den 17. i rekkja. I fjor vart både Tryllefløyten og West Side Story godt motteken av operapublikumet.

Standal Pavelich konstaterer at det har berre gått ein veg sidan oppstarten i 1998.

– Eg tykkjer vi har hatt ei fantastisk flott historie, og klart å ha framsyningar kvart år sidan 1998. Det var jo ikkje det som var tanken då. Eigentleg ville vi berre prøve det, men så har vi hatt så mange gode medhjelparar som har hatt lyst til å jobbe, at vi har klart å la det bli ein tradisjon, fortel ho.

(Artikkelen held fram under biletet)

Madame Butterfly

FORVIKLINGAR: Handlinga er opprinneleg frå 1904, men i Eid er handlinga frå 1961.

Foto: Øystein Torheim

Strekkjer seg lengre og lengre

Operaentusiastane har strekt strikken lenger og lenger for kvart år, og teke på seg større og større utfordringar.

– No har vi strekt strikken endå lengre, seier operasjefen og legg til:

– Madame Butterfly er ein utruleg stor produksjon, veldig krevjande scenisk. Ikkje minst med det flotte settet, som vi har jobba mange månader med. Veldig flotte kostyme, og så er Madame Butterfly veldig krevjande for solistar og orkester.

Standal Pavelich seier besetninga gler seg til å komme i gang med dei mange framføringane av stykket.

– Det er kunstnarisk veldig store utfordringar, men gir garantert eit veldig flott produkt, avsluttar ho.