Kari Standal Pavelich frå Opera Nordfjord var sjølv i Bergen for å ta imot prisen. Operaen deler førsteplassen med utestaden Hulen i Bergen.
- Ei stor ære
- Det var veldig stor stas, uventa, ei stor ære og kjekt, seier Kari Standal Pavelich. Akkurat kva prispengane skal gå til har ho ikkje tenkt så nøye over enno, men dei skal iallfall brukast slik at det lettar arbeidet til fleire av dei andre eldsjelene i Opera Nordfjord. Men dette må styret i operaen ta endeleg stilling til, seier ho.
Skal synleggjere eldsjeler
Eldsjelprisen har som mål å synleggjere eldsjeler fra Hordaland og Sogn og Fjordane, og blir delt ut av Bergens Tidende etter at folk har stemt på internett.
Bokbyen og Langeland nominerte
Bokbyen i Fjærland var nominert til eldsjelprisen i klassen Framsyn, men dei nådde ikkje heilt opp. Slik gjekk det også med Langeland Ski- og fritidssenter, som var nominert i klassen Sport og Idrett. Bokbyen og skisenteret vart likevel premiert med 20.000 kroner kvar.