Hopp til innhold

Sikta for innbrotsraid – vart pågripen på veg ut av landet

Mannen som politiet meiner gjorde ei lang rekkje innbrot og innbrotsforsøk på Vestlandet, vart pågripen på veg til Bergen luftavn Flesland.

Mann sikta for innbrotsraid

HEKTISK: I løpet av ni døgn meiner politiet at mannen gjorde fleire innbrot og innbrotsforsøk på Vestlandet.

Foto: Skjermdump

– Han var på ei planlagt reise heim til familien og var ikkje på flukt, seier forsvarer Linda Ellefsen Eide.

Har vore i områda

Mannen i 20-åra, som er av utanlandsk opphav, har sete fengsla sidan han vart pågripen og sikta for grovt tjuveri frå fleire bustadar i Hordaland og Sogn og Fjordane . Innbrota har skjedd mellom 26. februar og 7. mars.

Advokat Linda Ellefsen Eide

FORSVARAR: Linda Ellefsen Eide representerer den sikta mannen.

Foto: Moment Studio

Politiet meiner det er tale om 16 innbrot og innbrotsforsøk i Flora, Førde, Bergen, Luster, Gaular, Høyanger og Lindås.

Noko av tjuvegodset er funne heime hos den sikta, medan mesteparten framleis er sporlaust borte.

– Mellom anna viser gjennomgang av teledata at sikta sin telefon har vore i områda for dei aktuelle innbrota innanfor tidspunkta der innbrota skal ha skjedd. Vidare har også funn av informasjon på sikta sin telefon støtta opp under mistanken, seier politiadvokat Kristine Bu.

Sjølv nektar mannen, som er av utanlandsk opphav, for å ha noko med sakene å gjere.

– At politiet kan knyte min klient til område, er ikkje det same som å knyte han til åstadar. Han meiner at det er naturlege årsaker for at han har vore i områda, utan at eg vil gå nærare inn på det, seier Eide.

Kjem opp til hausten

Kristine Bu

POLITIADVOKAT: – Det er funne nokre gjenstandar heime hos sikta, men mesteparten av tjuvegodset har politiet framleis ikkje hand om, seier Kristine Bu.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Saka skal etter planen opp over sju dagar i haust. Politiet ynskjer å halde mannen i varetekt til saka kjem opp.

Mannen kravde lauslating då tingretten i førre veke tok stilling til spørsmålet om varetekt. Politiet fryktar at mannen kan rømme landet og gjere nye lovbrot.

At mannen har sagt opp leilegheita han disponerte i Sogn og Fjordane, meiner tingretten styrkar politiet si frykt for at han kan rømme landet. Politiet fekk medhald i ynsket om varetektsfengsling i ytterlegare åtte veker.

Ingen fleire avhøyr

Den sikta har latt seg avhøyre ein gong i saka. Fleire blir det ikkje før saka kjem opp. Eide seier det er av omsyn til vernet mot sjølvinkriminering, at mannen ikkje sjølv medverkar til si eiga domfelling.

– Når så mange dokument er klausulerte, rår vi klientane til å ikkje forklare seg for mykje, seier ho.

– Korleis har han det?

– Han er ung og tek det tungt. Familien er langt unna, men vi har budd han på at så lenge vi passar på hans eige vern mot sjølvinkriminering, så kan han bli sitjande lenge. Men det er betre å sitje nokre månader no medan politiet etterforskar, enn å bli uskuldig dømd.

Politiet fann mange likskapstrekk mellom innbrota og mistenkte at ein bande kunne stå bak . Så langt er berre ein mann pågripen.

Ein av to menn som vart pågripne og varetektsfengsla i vinter er no sjekka ut av saka.

– Mistankegrunnlaget er også svekka for den andre som då vart pågripen, seier Bu.

INNBROTSRAID: Alle innbrota mannen gjorde, skjedde i Hordaland og Sogn og Fjordane.