Hopp til innhold

Bande herjar Vestlandet: Her knuste tjuvane seg inn i bustaden

Politiet jaktar no ein bande med tjuvar etter meir enn 20 innbrot i hus på Vestlandet dei siste vekene.

Innbrot

INNBROT: Tjuvane brukte stein for å ta seg inn i denne bustaden i Luster i Sogn.

Foto: PRIVAT

Sogn og Fjordane og Hordaland opplever no ei innbrotsbølgje ein skal fleire år tilbake for å sjå maken til.

NRK erfarer at politiet ser alle innbrota i ein samanheng og at det no blir gjort eit omfattande etterforskingsarbeid.

– Det er framleis mykje etterforsking som står att. Det er gjort veldig mykje godt arbeid i sakene og det er mange åstader. Det er sikra mykje spor, ikkje minst digitale spor og teletrafikk, seier politisjef i Sogn og Fjordane, Arne Johannessen, til NRK.

Seinast i går blei det meldt frå om eit innbrot i ein einebustad i Eikangervåg i Lindås.

Politisjef i Bergen sør, Bård Tore Norheim bekreftar at dei kjenner igjen framgangsmåten i innbrota.

– Vi ser likskapar mellom dei fem innbrota på Hjellestad i Bergen og innbrota i Sogn og Fjordane. Dette gjer at det har vore naturleg å ha kontakt med politiet der.

Norheim fortel at dei foreløpig ikkje har mistenkte i sakene, men at dei håpar resultat frå labundersøkingar kan bidra til å oppklare sakene.

Sikta blei sleppt fri

Politiet reknar med at det er omreisande vinningskriminelle som har vore på turné på Vestlandet. Berre i Bergen sør har det vore om lag 15 innbrot siste månaden, fem av dei på Hjellestad førre veka. Tjuvane har også vore på ferde i Sunnfjord og i Indre Sogn.

I dag skriv Firda at politiet i Førde etterforskar endå eit innbrotsforsøk, denne gongen i Bygstad i Gaular. Ein nabo oppdaga ei knust rute, men ingen kom seg inn i huset.

To rumenske statsborgarar blei denne veka fengsla i to veker, sikta for innbrot. Men dei blei sleppt fri i går fordi politiet ikkje klarer å bevise at dei to var på dei aktuelle åstadane. NRK veit at politiet framleis mistenker at dei to og truleg fleire andre er involvert i sakene.

– Det er ryddig at påtalemakta i lag med etterforskingsleiinga ser at grunnlaget for fengsling er endra, seier Johannessen.

Ber folk vere obs

Dei siste åra har det vore ein nedgang i talet på tjuveri frå bustad i Vest politidistrikt. Frå 2014 til 2018 har talet saker gått ned med 30 prosent.

Men med dei mange innbrota dei siste vekene har statistikken gjort eit byks i 2019. 120 saker har det blitt til no i år, mot 105 i tilsvarande periode i fjor. No ber politiet folk vere merksame.

– Vi har hatt nokså mykje innbrot, difor er det viktig at ein passar godt på både hos seg sjølv og naboane. Ver observant, det er ei god oppmoding til folk.