Fossøy meiner fylkespolitikarene no må ta rassikring av vegane på alvor. Då må ein nytte pengane i vegbudsjettet til sikring framfor nybyggjing. Dette er også signala som har kome frå samferdsleministaren, seier Oddvin Fossøy i aksjonsgruppa for rassikring.
Inntil budsjetta vert større meiner Fossøy at fylkespolitikarene må vise ansvar og vente med nye vegprosjekt. Han trur det er eit samla syn at ein må prioritere sikring av stader som Fatlaberget framfor nye prosjekt som bru over Dalsfjorden.