Hopp til innhold

Talentfabrikken i Stryn har levert nok ein skiskyttar i verdstoppen

Skiskyttaren Maren Hjelmeset Kirkeeide frå Stryn gjentok bragd, ti år etter Thingnes Bø tok ho gullet i ungdomsklassen.

Maren Hjelmeset Kirkeeide

GULL: Maren Hjelmeset Kirkeeide

Foto: Vidar Stavik

Noreg fekk i går kveld ein ny juniorverdsmeister i skiskyting i ungdomsklassen då Maren Hjelmeset Kirkeeide sikra gullet.

– Det byrjar å gå opp for meg no, ler Kirkeeide når NRK snakkar med ho på telefon frå USA.

På siste passeringspunktet fekk Kirkeeide beskjed om at ho leia løpet, då var det berre å gå maks mot mål.

– Eg har lyst til å bli best i verda, seier ho.

Etter ha tatt igjen seks sekund på siste runde av sprinten i Junior VM i Soldier Hollow kunne ho krysse mållinja. Og ti år etter at Johannes Thingnes Bø tok gull for same klubb, kunne stryningane juble på nytt.

– Den følelsen den hugsar eg veldig godt enno, sa Thingnes Bø til Fjordingen etter gulløpet til Maren.

Også Emilie Flo Stavik frå Stryn representerer Noreg under junior-VM.

Stjerna seier til avisa at det ikkje er han i mot om det ein gong blir mix-stafett saman med broren Tarjei, og dei to lokale stortalenta frå Stryn kommune.

– Det er jo kjekt, dei får berre halde på, så får vi prøve å bli så gode ein gong at vi kan vere med på det, ler Maren Hjelmeset Kirkeeide.

Også skiskyttarforbundet er imponert over Hjelmeset Kirkeide.

– Det er ein kjempeprestasjon, seier president Arne Horten om rennet.

Eit godt støtteapparat

– Dette er berre kjempestas, seier far til gullvinnaren, Sigbjørn Kirkeide.

Han legg til at æra går like mykje til støtteapparatet og lagkameratar.

– Eg trur ein skal leite godt etter eit so godt og samansveisa trenarteam til gjengen som dette. Dei skal ha sin del av æra, seier Kirkeide.

Også presidenten i Noregs Skiskytterforbund hyllar miljøet rundt dei unge skiskyttarane frå Stryn.

– Dei skal ha all ære for å drive fram alle desse talenta, seier Arne Horten og legg til at slikt kjem ikkje av seg sjølv.

Neste på lista er jaktstart søndag kveld norsk tid for dei unge løparane i Utah.