Hopp til innhold

Shinigami Eyes vert forbode i Noreg: – Den autoritære delen av transrørsla må gå i seg sjølv

Nettlesarverktøyet «Shinigami Eyes» lar brukarane merke namn på personar eller fora som anten transvenlege eller transfiendtlege. No vil Datatilsynet forby nettlesarverktøyet i Noreg.

Hjemmesiden til programmet

MARKERING: Slik ser Shinigami Eyes ut, som vist på nettsida til verktøyet. I nedtrekksmenyen nede til høgre kan ein markere transvenlege eller -fiendtlege sider og brukarar.

Foto: Skjermdump

Denne veka vart det kjent at Datatilsynet vil forby nettlesarverktøyet «Shinigami Eyes» i Noreg på grunn av ulovleg bruk av personopplysningar. Dei meiner også det forsterkar ekkokammereffekt på nett.

Journalist og kritikar Anki Gerhardsen opplevde å få namnet sitt merka med raudt i Shinigami Eyes, etter å ha deltatt i debatten om trans og kjønnsinkongruens.

– Det var skremmande og veldig nedslåande, seier ho.

Gerhardsen har for det meste deltatt i diskusjonen om medikamentell behandling av det ho kallar «veldig unge» transpersonar.

Anki Gerhardsen, Universitetet i Nordland

SJØLVSENSUR: – Etter å ha blitt merka i Shinigami Eyes påla eg meg ein viss sjølvsensur og tenkte at eg aldri meir skulle uttale meg i transdebatten, seier Anki Gerhardsen.

Foto: Sigurd Steinum / NRK

– Eg meiner eg har gjort det på ein respektfull og sakleg måte. Og eg har vore open for kritikk, motstand og skarp diskusjon, for det må alle samfunnsdebattantar tole.

– Men å bli brennemerka og plassert i ein bås som eg overhovudet ikkje høyrer heime i, utan noko høve til å forsvare meg, ta til motmæle eller nyansere biletet, det aksepterer eg ikkje, seier Gerhardsen.

Jeremy Charles Robert Clarkson er en engelsk journalist, forfatter og TV-personlighet som har spesialisert seg på bil og motor.

MERKA: Jeremy Clarkson, kjend frå TV-seriar som Top Gear og The Grand Tour blir markert i raudt av Shinigami Eyes. Det tyder at nokon har markert han som transfiendtleg.

Foto: Skjermdump

Ein siger for ytringsfridomen

Christina Ellingsen, leiar av Women's Declaration International (WDI) Norge, var den som klagde inn Shinigami Eyes til Datatilsynet i fjor.

Datatilsynet har fatta vedtak om forbod fordi «Shinigami Eyes» har negativ verknad på den offentlege samtalen. Verktøyet bryt med kravet om rettsleg grunnlag for behandling av personopplysningar. Dei som vert merka, vert ikkje varsla om det.

Anki Gerhardsen støttar forbodet.

– Det er ein siger for ytringsfridomen og den opne samtalen som driv samfunnet framover. Eg håpar dette forbodet gjer at den autoritære delen av transrørsla går i seg sjølv og innser at dei også må støtte ein open debatt.

– Men transpersonar er ei sårbar gruppe. Har du forståing for at nokon har behov for å beskytte seg mot ytringar på nettet?

– Ja, det har eg stor forståing for. Men ein bør gjere det ved å skru av, ved å la vere å gå inn på sider og trådar som ein ikkje orkar lese. Å starte kampanjar som brennemerker personar som meiner noko anna av ein sjølv, det er noko heilt anna. Eg er glad det vert sett ein stoppar for det.

Gerhardsen synest det er skuffande at FRI ikkje vil ta tydeleg avstand frå verktøyet.

Vil heller diskutere grunnane

Det er vanskeleg å få oversikt over kor mange som har brukt Shinigami Eyes i Noreg.

Inge Aleksander Gjestvang er leiar for Foreningen for kjønns- og seksualitetsmangfald – FRI. Han har registrert at Datatilsynet vil forby verktøyet Shinigami Eyes, og tar denne informasjonen til etterretning.

Inge Alexander Gjestvang

GRUNNANE: Det er nyttig å sjå nærmare på grunnene til at slike verktøy blir utvikla

Foto: Foreningen FRI

– Eg er ikkje spesielt godt kjent med verktøyet og har aldri prøvd det sjølv, men veit at nokon har brukt det for å sortere informasjon og ytringar på internett.

– Korleis stiller FRI seg til ein slik merking av personar i det offentlege ordskiftet?

– På den eine sida kan ein diskutere korleis dette har påverka ordskiftet og høvet til sakleg meiningsbrytning. På den andre sida kan ein diskutere kva opplevingar som ligg bak dette behovet for å sortere informasjonen og ytringane vi les, seier Gjestvang.

Bufdirs levekårsundersøking frå 2021 viste at halvparten av dei transpersonane som vart spurt, hadde opplevd trakassering. 4 av 10 har blitt utsett for negative kommentarar

– Dette påverkar utvilsamt kva høve mange har til å stå i diskusjonar der livet ditt, rettane dine og tilgangen din på helsehjelp står på agendaen.

Anki Gerhardsen har sjølv har blitt merka raudt i Shinigami Eyes etter å ha uttalt seg kritisk til medikamentell behandling av transpersonar. Ho er skuffa over at FRI ikkje tar tydeleg avstand til nettlesarverktøyet. Kva seier du til det?

– På et innspelsmøte i Ytringsfrihetskommisjonen – der blant andre Gerhardsen sit – i mars i fjor, spelte FRI inn korleis ytringsrommet blir avgrensa for transpersonar som følge av hets. Eg meiner det også kan vere nyttig å sjå nærmare på grunnene til at slike verktøy blir utvikla, sjølv om Datatilsynet no har sagt sitt om Shinigami Eyes.