– Det kjennast trist. Eg har budd på Voss i fire år, og såg fram til å vera med på Veko og feira med dei eg har kjent i fleire år. Men det kan eg ikkje, på grunn av dei nye reglane, seier Sasha Vales Toledano.
Ho er fødd og oppvaksen i Frankrike, men har budd på Voss sidan 2018. Fram til i år har ho kunne konkurrera i kvinneklassen, men mot slutten av 2021 har reglane blitt endra.
Frå i år er det to klassar. Open klasse, og kvinneklasse.
I kvinneklassen må ein vera biologisk kvinne, altså blitt fødd jente.
Det var Avisa Hordaland som fyrst omtalte saka.
Mentalt krevjande
Sasha har delteke i kajakkonkuransar i fleire år, og dette er fyrste gongen ho ikkje kan delta i denne klassen.
Ho har flytta til Paris, der det ikkje er like store moglegheiter for å padla i kajakk ned bratte stryk og strie elvar.
Sasha meiner mental styrke er svært viktig når ein konkurrerar i kajakk.
– Det er heilt noko anna å koma på ein konkurranse, og føla seg velkomen, og ikkje stilla seg andre spørsmål enn om ein kan gjera det bra i dag. Eg kjem til ein konkurranse og lurer på om eg kan konkurrera, lurer på om eg blir gjort narr av, og om eg blir peika på, seier Sasha.
Veko: Ikkje vår avgjersle
Dagleg leiar i Ekstremsportveko, Kjetil Kriken, seier at det ikkje er så mykje dei får gjort med reglane, då dei berre følger dei som blir sett av AWP Kayak.
– Bakgrunnen for avgjersla kan me ikkje kommentera, seier Kriken.
– Kva seier de til dei som tykkjer dette er transfobisk?
– Dette handlar om kjensler, og me har stor forståing for at folk kan kjenna seg såra og krenka. Det syns me i Ekstremsportveko er synd, seier Kriken.
Presidenten i AWP, Michele Ramazza, seier til NRK at dei har seier at dei følger IOC sine retningslinjer for kajakkonkurranse. Desse retningslinjene skal vera inkluderande, men òg rettferdig.
– Det er ikkje lett å få sette dei prinsippa saman. Fysisk kraft er ein ganske viktig faktor, men dette er sportsavhengig, seier han.
– Viktig for idretten å ha respekt for mangfald
Idrettsforbundet seier at dei ikkje har eigne reglar for kjønnskategorisering, men dei har ei rekke råd, som primært handlar om breiddeidrett.
– Vårt råd i breiddeidrett er at folk får delta i den kjønnskategorien dei helst definerer seg som. Noko anna enn det tek vekk grunnlaget for idrettsglede, seir Håvard Øvregård, som er seniorrådgjevar i Norges idrettsforbund.
Øvregård seier at det er forskjell på breiddeidrett og toppidrett. Der er det det internasjonale forbundet som arrangerer den idretten som definerer rammene.
Han understreker at dei fleste idrettar har kjønnsklassar, men at det kan vera krevjande når ein ser på kjønn som ein einsidig faktor.
– Det er viktig at idretten har respekt for mangfald i kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk, og me må erkjenna at det er utfordringar knytt til at vi idretten har desse binære kjønnskategoriane, seier Øvregård.