Hopp til innhold

Set inn politihelikopter i søket etter Veronica (22)

Eit politihelikopter er i dag sett inn i søket etter den sakna Veronica Heggheim Stegegjerdet. Kvinna vart sist sett i Årøy i Sogndal førre laurdag.

Eit helikopter er sett inn i søket etter sakna Veronica Heggheim Stegegjerdet (22) i Sogndal.

SJÅ VIDEO: Politihelikopteret er onsdag med på søket i Sogn. (FOTO/REDIGERING: Christian Blom)

Politihelikopteret

LYSKASTAR: Regionlensmann Asle Karoliussen seier helikopteret har både varmesøkande kamera og lyskastarar som er nyttige i søket

Foto: Christian Blom

Fungerande regionlensmann i Sogn, Asle Karoliussen, er svært glad for at helikopteret no er på plass. Dårleg vêr har vore ein av årsakene til at det har teke tid å få flyhjelp.

– Helikopteret gir oss ei moglegheit til å gjere søk ifrå lufta med avansert utstyr som gir oss eit hjelpemiddel knytt til søk, seier Karoliussen.

Stegegjerdet har vore sakna frå heimen sin i Årøy sidan førre laurdag. Førre tysdag starta ein leiteaksjon på bakgrunn av at pårørande ikkje hadde hatt kontakt med kvinna sidan laurdag.

Har varmesøkjande kamera

Alt område som vert søkt i med helikopter, vert også filma.

– Vi har også varmesøkjande kamera som gir oss moglegheit til å gjere søk på ein effektiv måte, seier Karoliussen.

Det har vore leita i store område på land, samt at ein har gjennomført båtsøk i store område, utan at det har vore gjort funn.

Veronica Heggheim Stegegjerdet

SAKNA: Veronica Heggheim Stegegjerdet har vore sakna frå heimen sin i Årøy sidan laurdag 25. oktober.

Foto: Privat

Søket etter den sakna endra før helga status til søk etter ein omkommen. Om lag 15 polititenestemenn deltek i etterforskinga, og politiet har også fortløpande kontakt med Kripos.

Søkjer på nytt

Når ein no får politihelikopter på plass, kjem ein til å leite endå ein gong også på stadar der det allereie har vore leitt.

– Vi søkjer opp att mykje av området som vi har søkt gjennom med båt. Det er frå Hella og inn Sognefjorden, inn fjordarmen inn til Barsnes og til Årøy. Det vil også bli søkt i skogområdet der ho er sakna, seier Karoliussen.

Politiet har ikkje nokre planar om å trappe ned leitinga med det første.

– Vi vil søkje gjennom det vi kan så lenge det er naudsynt, for å få søkt gjennom alt. No har det gått nokre dagar og ting kan skje. Vi vil bruke den tida som vi må, i håp om å finne den sakna, seier Karoliussen.

Tysdag gjekk politiet ut og bad alle som har gått tur i området ved Årøy mellom 24. og 27. oktober om å ta kontakt med politiet.

– Vi har fått inn tips og dei vert jobba med fortløpande. Vi er veldig glad for at folk tek kontakt. All informasjon er viktig informasjon, seier Karoliussen.

Kryss-sjekkar informasjon

Politiet har førebels ikkje fått nye haldepunkt når det gjeld observasjonar av 22-åringen etter laurdag.

Asle Karoliussen

NØYE: Fungerande regionlensmann i Sogn, Asle Karoliussen, seier at dei kjem til å bruke den tida som dei treng for å komme til botnar i saka.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Laurdag føremiddag er siste gong kvinna vart sett. Men det vil vere informasjon som vi må tilverke og kryss-sjekke for å klare å skape ei oversikt. Den jobben er vi i full gang med, seier Karoliussen.

Torsdag blir ein sonar og miniubåt sette inn i søket.

– Det er også lagt ut ei etterlysing i dei basane som vi har og kan bruke når folk forsvinn. Vi har også sjekka ut informasjon frå andre område, seier Karoliussen.

Årøyelva går mellom Hafslovatnet og ned i Sogndalsfjorden, utbygd med Årøy kraftstasjon. Karoliussen legg ikkje skjul på at søket i Årøy og Årøyelva har vore krevjande.

Politihelikopteret

KAMERA: Politihelikopteret er utrusta med kamera.

Foto: Christian Blom

– Det er eit svært utfordrande terreng i området som gjer at det ikkje er lett å søkje der. Laurdag kjem vi til å gjennomføre eit nytt, stort søk der vi går gjennom på nytt for å vere sikre på at vi har fått med oss det som er, seier Karoliussen.

Fort å gleppe i krevjande terreng

Han legg til at ein har erfart at det kan lønne seg å gå grundig til verks.

– Frå tidlegare hendingar har vi erfart at i utfordrande terreng kan det gleppe. Det prøver vi etter beste evne å sørgje for at ikkje skal skje, seier Karoliussen.

Det er laga ein plan for korleis søkjearbeidet skal gjennomførast laurdag.

– Det vert jobba med ein skikkeleg plan både når det gjeld terreng, elv og nedtapping av vatn, seier Karoliussen.

Den øvste delen av elva, frå Hafslovatnet og ned til kraftstasjonen er klarert ut.

– Vi har nokre få punkt att som vi ikkje har fått teke, men dei vil bli gjort så raskt som råd, kanskje allereie i dag, seier Karoliussen.

Han ser ikkje bort frå at politiet i Sogn vil be om ytterlegare hjelp i etterforskinga.

– Det er ei fortløpande vurdering, seier Karoliussen.