Hopp til innhold

Politiet vil ha kontakt med folk som har gått tur i Årøy-området

Politiet ønskjer kontakt med alle som har ferdast i turområdet i Årøy i Sogndal kommune i tidsrommet fredag 24. – måndag 27. oktober.

Veronica Heggheim Stegegjerdet

ER SAKNA: Veronica Heggheim Stegegjerdet har vore sakna sidan laurdag 25. oktober.

Foto: Christain Blom / privat

– Vi vil komme i kontakt med personar som har brukt området ved Årøy som turområde i perioden like før kvinna vart sakna, seier fungerande regionlensmann i Sogn, Asle Karoliussen.

22 år gamle Veronica Heggheim Stegegjerdet har vore sakna frå heimen sin i Årøy sidan førre laurdag.

Tysdag starta ein leiteaksjon på bakgrunn av at pårørande ikkje hadde hatt kontakt med kvinna sidan laurdag. Det har vore leita i store område på land, samt at ein har gjennomført båtsøk i store område. Men kvinna er framleis sakna.

Vil ha informasjon om alle rørsler i området

– Er det nokon som har brukt området til tur, så vil vi svært gjerne at dei tek kontakt med politiet på telefon 02800, eller ta kontakt med oss ved Sogndal politistasjon direkte, seier Karoliussen.

Han ber folk om å ikkje nøle med å ta kontakt.

– All informasjon om rørsler og kor ein har vore er viktige for oss for å få kunnskap om kva som har skjedd, eller ikkje skjedd, i området, seier Karoliussen.

Per i dag er politiet i ferd med å gjere seg ferdig med søket i den øvre delen av Årøyelva.

– Vasstanden er så liten at elva let seg gjennomsøkje i så stor grad som er mogleg. Men det er nokon kulpar som er så djupe at vi må ha inn kunnig personell, seier Karoliussen.

(Artikkelen held fram under videoen)

I Sogndal leitar politiet etter ei ung kvinne på 22 år og ønskjer tips i saka.

STORE RESSURSAR: Over 50 personar har vore med i leitinga av den sakna 22-åringen. Foto: Halvor Farsund Storvik/Redigering:Heidi Lise Bakke

Får søkt skikkeleg i elva

I løpet av helga kjem ein til å halde fram med å leite i den nedre delen av elva.

– Det gjer vi når vi får vasstanden så langt ned at vi kan få gjort eit tilstrekkeleg søk, seier Karoliussen.

Han ønskjer førebels ikkje svare på om politiet mistenkjer at kvinna har vore utsett for noko kriminelt.

– Vi jobbar ut ifrå alle moglegheiter, og der er vi no. Vi må prøve å gjere oss ferdig med nærområda på ein slik måte at vi er sikre på at ho ikkje er der, seier Karoliussen.

Jobbar med alt tilgjengeleg mannskap

Han presiserer at politiet er heilt avhengige av at folk tek kontakt for å fortelje kva dei har sett, eller ikkje sett.

– Vi har mykje arbeid att. Men vi er avhengige av tips og informasjon frå publikum over personar som har vore i området den perioden, seier Karoliussen.

Han understrekar at dette gjeld heile Årøy-området.

Asle Karoliussen

TRENG INFORMASJON: Fungerande regionlensmann i Sogn, Asle Karoliussen, understrekar at all informasjon kan vere viktig i etterforskinga.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Det er fleire stadar i Årøy-området som vert nytta til tur. Vi snakkar om heile området knytt til Årøy, seier Karoliussen.

– Er det gjort funn knytt til mobilspor?

– Vi jobbar med det vidare og vi får stadig vekk inn informasjon. Vi må sy det i hop til ein heilskap når vi kjem så langt. Vi kan ikkje seie når vi er ferdige, men det er ein pågåande prosess og vi må berre jobbe vidare med det vi har av mannskap for å gjere ein best mogleg jobb på denne saka, seier Karoliussen.