– Det er i orden, og han kjem til oss etter kvart, seier Erik Nielsen som er eigar av Tangen dyrepark i Innlandet til NRK fredag morgon.
– Har de fått dette stadfesta av Miljødirektoratet?
– Me har fått overføringstillating. Han er framleis i Kristiansand og kjem til oss etter kvart, seier Nielsen.
Dette offentleggjorde dyreparken også i ei pressemelding:
Offentleggjorde utan endeleg løyve
NRK har fått innsyn i framvisingsløyvet frå Mattilsynet.
Denne er gitt på vilkår av at Miljødirektoratet gir løyve til innførsel.
Der står det «På noverande tidspunkt ligg det ikkje føre tillating frå Miljødirektoratet.»
Veterinær i Tangen dyrepark, Isabelle Clairhout, seier til NRK at dei har snakka med Mattilsynet, og at dei sa dyreparken kunne annonsere at dei får servalen.
Dette sjølv om Miljødirektoratet ikkje har gitt endeleg svar på søknad om innføring av servalen.
– Men ja, sjølvsagt treng me Miljødirektoratet sitt endelege svar, seier Isabelle Clairhout til NRK rundt klokka 12.00 fredag.
Servalen Niño skal truleg omplasserast til Tangen dyrepark.
Foto: Benjamin Søgnen Olsen / Os og Fusaposten– Ikkje behandla
Etter at Tangen dyrepark gjekk ut med pressemeldinga i dag, har fungerande seksjonsleiar Linda Dalen i Miljødirektoratet svart NRK i ein e-post.
Dei stadfestar at dei har teke imot ein søknad om innføring av serval.
– Me har førebels ikkje behandla søknaden og kan ikkje seie noko konkret om korleis vi vil vurdere denne, skriv Dalen i ein e-post.
Dei skriv vidare at, «generelt ved vurdering av søknader under denne forskrifta, skal det særleg leggjast vekt på om organismen det er søkt om, og eventuelle følgjeorganismar kan medføre risiko for uheldige følgjer for det biologiske mangfaldet.»
– Det kan ikkje givast løyve viss det er grunn til å rekne med at innførselen vil medføre vesentlege uheldige følger for det biologiske mangfaldet, skriv Dalen.
Dei skriv dei ikkje kan seie noko om kor lang tid det vil ta å behandle søknaden.
– Saksbehandlingstida vil avhenge av om søknaden i tilstrekkeleg grad klarlegg verknader innførselen kan ha for det biologiske mangfaldet, eller om det er behov for fleire opplysningar eller dokumentasjon.
– Ubeskriveleg letta
Servalen Niño blei først observert i Os i Bjørnafjorden juni 2023. Kort tid etter blei eigaren meldt til politiet. Ho erkjente straffskuld for medverknad til innføring av servalen i strid med naturmangfaldlova.
Eigaren er tiltalt, og det går føre seg ei straffesak. Serval-eigaren ville også gå til sak mot staten, men har heva denne.
Dyreparken i Kristiansand har til no tatt vare på servalen, men ville ikkje ha han permanent.
Fram til servalen eventuelt skal til Tangen dyrepark, skal Dyreparken i Kristiansand bygge eit mellombels hegn til servalen. Då skal servalen også vere mogleg å sjå for publikum i Kristiansand.
Advokat og forsvarar for servaleigaren, Roy André Håkonsen Arteid, seier til NRK at dei fekk vite om nyheita om den sannsynlege omplasseringa gjennom media.
– Ho er ubeskriveleg letta over at han ikkje blir avliva, det har vore hennar største mareritt heile vegen. At han no blir omplassert betyr at han ikkje skal avlivast, og det er ho sjølvsagt veldig glad for, seier Arteid.
Dette dyret blei observert av ein turgåar.
Video: Steffen LjosheimArteid fortel det også er tungt for eigaren å få vite at ho truleg ikkje får ha servalen sjølv.
– Det er som å miste eit nært og kjært familiemedlem. Men, heilt sidan ho blei arrestert og Niño blei tatt i forvaring, vore klar over det at ho truleg ikkje vil få han tilbake.
– Men no kan ho besøke han, etter kvart?
– Ho håper sjølvsagt at ho får full anledning til å gjere. Framvisingsløyve gjer at ho står fritt til å gjere det, på lik linje med andre.
– Fantastisk gledeleg
Stortingsrepresentant Tor André Johnsen (Frp) har tatt opp serval-saka på Stortinget to gonger i haust, til klima og miljøministeren, men også tidlegare.
Han er glad for at servalen no truleg får ein permanent heim:
– Fornufta sigra. Det er fantastisk gledeleg. Eg har stilt spørsmål dei siste vekene på Stortinget, og har fått greie svar.
Det har vore snakk om avliving av det ulovleg importerte afrikanske kattedyret, men dyrevernsorganisasjonen Noah har meint at det er riktig å omplassere dyret. Dei har villa omplassere servalen til eit redningssenter i Sør-Afrika.
Johnsen seier at det viktigaste for han i denne saka, er at servalen ikkje blir avliva.
Stortingsrepresentant Tor André Johnsen (Frp) sit i justiskomiteen, og seier han kan kallast dyrepolitisk talsperson i Frp.
Foto: Tor André Johnsen (FrP) / Hanna Johre– Ho som eig han kan jo besøke han no. Det hadde vore meiningslaust å ta livet av han. Det er mange som hadde ville tatt vare på den.
– Er det viktig for det at servalen no blir plassert i Innlandet?
– Det er ein ekstra morosam siger, for eg er frå Stange, og kjem til å bli ein flittig gjest der.
Noah er skuffa
Noah skriv til NRK at dei hadde møte med Mattilsynet fredag førre veke, og fekk eit tydeleg inntrykk av at alternativ utanfor Noreg var uaktuelle.
– Me er sjølvsagt letta over at Niño ikkje blir avliva, men det er likevel skuffande at Mattilsynet ikkje vurderte eit eigna redningssenter der eit naturleg habitat stod klart til han, seier veterinær Siri Martinsen i Noah i pressemeldinga.
Veterinær Siri Martinsen i Noah håpar at politikarane pressar på for at Noreg skal etablere ein plan for konfiskerte dyr, slik CITES-avtalen anbefaler.
Foto: Ingeborg Undheim / NRK– Når Mattilsynet avskriv utanlandske redningssenter, innsnevrar dei moglegheitene for å redde slike dyr utan at det er eit fagleg grunnlag for de.
Dei skriv dei «er skeptiske til at dyrehage skal vere dei einaste alternativet Mattilsynet ser for seg for dyr i slike situasjonar.»
– Det er trist at myndigheitene meiner at den einaste løysinga for dyr som er redda frå dyrehandel, er at dei skal visast fram som ein del av ein attraksjon for betalande kundar.
– Dyrehagar generelt bidrar til at eksotiske dyr blir ein del av ein kommersiell opplevingsindustri, seier Martinsen.
Jobbar med å legge til rette
Tangen dyrepark skriv i dag at dei meiner at ingen kattedyr, med unntak av huskatten, bør haldast av privatpersonar, eller vere ein del av kjæledyrmarknaden.
– Samtidig meiner me at dei dyra som er offer for ulovleg kjæledyrhandel, har rett til ein trygg fristad, og at det er vår plikt å sikre deira mentale og fysiske velferd. Fleire av våre dyr er dyr som er redda, eller omplassert, skriv dei.
Tangen dyrepark har over 200 dyr og rundt 30 artar. NRK har fått innsyn i sjølve søknaden, der dei skriv dei jobbar med ein masterplan.
I dag skriv dyreparken at dei er glade for å kunne tilby Niño ein trygg base. Dei takkar Kristiansand Dyrepark som tar vare på servalen medan dei jobbar med ein ny innhegning.
– Me håpar han vil trivast her, og at han kan bidra til auka medvite om korleis våre handlingar påverkar dyrelivet og sårbare økosystem, samt at me alle har eit ansvar for å vareta dyra si velferd.
– Å sikre at både Niños individuelle og artsspesifikke behov blir oppfylt, vil krevje stor innsats, tid og ressursar.
RETTING: Etter Tangen dyrepark gjekk ut med pressemelding om at dei får servalen, har NRK kontakta Miljødirektoratet. Saka blei oppdatert med kommentar frå Miljødirektoratet klokka 11.30.