Hopp til innhold

Uroa over sommartrafikken

Ulukkene i sommartrafikken er mange og ofte alvorlege. Fleire køyretøy på vegane kombinert med høg fart skapar farlege situasjonar, men det gjer sinkane i trafikken òg.

Trafikk-kaos i Geiranger

MYKJE TRAFIKK: Sommaren bringar ofte med seg meir trafikk på vegane. 1 av 3 dødsulukker skjer på norske vegar skjer i sommarmånadane.

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

– Det er ein del sommarulukker. På sommaren får vi meir trafikk og ei auke i ruskøyring, då folk gjerne tek seg fleire festar på denne tida av året, seier distriktsleiar for Trygg Trafikk i Sogn og Fjordane, Audun Heggestad.

Første veka i juli bar preg av over fem ulukker med køyretøy og fartskontrollar med fleire tekne. Ein av tre dødsulukker på norske vegar skjer i dei tre sommarmånadane.

– Det blir køyrt fleire kilometer om sommaren, og då er risikoen større. Farten kan i enkelte tilfelle vere høgare om sommaren, meiner Heggestad.

Også Statens vegvesen ser på bekymring for sommartrafikken og ulukkene den fører med seg.

– Ulukkene er mange og konsekvensane alvorlege i sommartrafikken. Auke i trafikk tyder ei auke i risiko. Vi på vegane har alle eit felles ansvar for å bidra til trafikksikkerheit, seier Rita Helen Aarvold, som arbeider med trafikksikkerheit i Statens vegvesen.

Farlege situasjonar om sommaren

Sommartrafikken førar med seg fleire som køyrer langt, og fleire køyretøy på vegane.

– Det kjem mange til fylket vårt som er ukjende med vegane våre. Det skapar utfordringar. På ukjende vegar køyrer ein ofte seint, noko som kan provosere fram forbikøyringar, seier distriktsleiar for Trygg Trafikk i fylket, Audun Heggestad.

Typiske sommarulukker er ofte prega av høg fart, noko som førar til ulukker med alvorlege utfall, men ein for lav fart på vegane kan òg skape farlege situasjonar.

– Dei som køyrer for seint føl seg trygge, men provoserer andre til å køyre fort. Det er veldig skummelt om ein ikkje har god sikt. Med dei vegane som vi har fleire stader i fylket, så har ein dårlege moglegheiter for forbikøyring. Då kan det vere ein tar forbikøyringar med høg risiko, seier Heggestad.

Audun Heggestad

OPPMODAR OM Å SLEPPE FORBI: Trafikantar som køyrer med for lav fart bør sleppe andre forbi, det seier distriktsleiar for Trygg Trafikk i fylket, Audun Heggestad.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

Heggestad oppmodar bilistar av den litt treige sorten om å sleppe andre forbi.

– For lav fart kan fort skape irritasjon for andre som vil fram. Då får vi dårleg trafikkavvikling. Køyr gjerne ut og la andre komme fram før køen veks seg stor bak deg. Men føler du deg ikkje trygg, så skal du heller ikkje køyre for fort.

– Den enkelte sjåfør må ta ansvar

Antall omkomne i trafikken ligg stabilt her i fylket med to omkomne. Talet er likt som på same tid i fjor. Heggestad fryktar likevel for sommartrafikken med fleire på vegane.

– Den enkelte sjåfør må ta ansvar, men passasjerane kan påverke. Blant anna med val av køyrerute, at ein tek det med ro og føl trafikkreglane. I tillegg bør ein passe på at ein ikkje distraherer sjåføren.

Heggestad oppmodar alle til å vere årvakne og ha full merksemd på bilkøyringa. Noko som ofte stel merksemda vekk frå vegen er mobiltelefonane.

– Ikkje bruk mobiltelefon. Verken når det gjeld å snakke i den, lese tekstmeldingar eller surfe på den. Tek ein vekk blikket frå vegen, så konsentrerer ikkje bilisten seg om bilkøyringa. Det krev 100 prosent av både tid og merksemda til føraren, avsluttar Heggestad.