Hopp til innhold

Sender ut farevarsel for fjellovergangane

I løpet av helga kan du risikere å møte snøkledde vegar.

Det er sendt ut snøvarsel for fjellovergangane.

VARSEL: I helga er det venta snø på fjellovergangane, og meteorologen ber folk ha det i bakhovudet om dei skal ut på køyretur.

Grafikk: Meteorologisk institutt

– Det er mange som er på utfart, så det er greitt å vere skodd for vinterføret i fjellet, seier Per Egil Haga, vakthavande meteorolog.

Meteorologisk institutt har sendt ut farevarsel for fjellovergangane i Sør-Noreg denne helga. Årsaka er at det kan kome snø søndag og måndag.

Mykje trafikk på vegane i haustferien

Mange skal avslutte eller starte haustferien denne helga, noko som fører til ekstra trafikk mellom aust og vest.

For dei som skal mellom aust og vest, er det greitt å vite at vinteren er på veg.

Det ser ut som at temperaturane vil falle såpass mykje, at dei byene som kjem utover søndag og måndag, kan kome som snø.

– Det kan gi vanskelege køyreforhold, seier Haga.

Vegtrafikksentralen: Står klare

Nedbøren vil kome som snø på om lag 1000–1200 meters høgde. Trafikkoperatør i Vegtrafikksentralen, Oliver Hattland Iversen, viser mellom anna til at Hardangervidda og Sognefjellet er særleg utsett.

– Vi anbefaler sjåførar om å vurdere vinterdekk, seier Iversen.

Han ber sjåførane òg om å følge med på vêrvarsel og vegmeldingar før dei køyrer over.

– Trur du folk flest er budde på at snøen kjem?

– Eg håper dei som skal over fjellovergangane no er obs på at det kan kome snø i midten av oktober.

Ifølge trafikkoperatøren er entreprenørane også klare for snøen som vil kome.

– Dei skal i alle fall følge med på farevarselet og stå klare når snøen kjem.

Farevarsel også for regn

I Vestland er det også sendt ut gult farevarsel for regn. Frå laurdag kveld til søndag føremiddag kan det enkelte stader kome opp i 70 millimeter nedbør.

Farevarsel for mykje regn i Vestland

GULT FAREVARSEL: I helga kan det kome mykje nedbør i Vestland.

Foto: Meteorologisk institutt